Ei annleis julefeiring – også for kyrkja


Påmelding til nokre fysiske gudstenester. Digital samling/julegudsteneste kl. 15.00 på julafta.

 

Det er tradisjon for at vi i Kvinnherad har full kyrkje i alle våre 12 kyrkjer på julafta. Det er høgtid, fest og mange forventningsfulle born og vaksne. 2020 er eit annleis år, og julefeiringa blir heller ikkje den same. Dette gjeld og for kyrkja.

Dette året vert det ikkje gudstenester i alle kyrkjer på julafta, og der det er julegudstenester vil det truleg ikkje vera plass til alle som ynskjer det. Smittervernrettleiaren gjev ikkje rom for så mange deltakarar når vi må ha 2 meter avstand for å syngja i lag, og songen er ein viktig del av gudstenesta. Ikkje minst gjeld dette på julafta.

For alle som då ikkje får høve til å møte i kyrkja si vert det nå arbeidd med ei digital samling/gudsteneste for alle kvinnheringar anten ein er i Kvinnherad eller andre stader. Her vil ein møta ordføraren vår og fleire av prestane våre. I tillegg til barnekor og andre songarar vil ein sjå bilete frå alle våre 12 kyrkjer. Samlinga vert gjort tilgjengeleg både her på heimesida, på Facebook og på nettsidene til Grenda og Kvinnheringen. Vi håper mange kvinnheringar då kan kjenne på fellesskapet til trass for at ein må sitja i kvar sin heim.

Det blir nokre fysiske gudstenester med påmelding – i Kvinnherad kyrkje, Varaldsøy kyrkje, Hatlestrand kyrkje og Ølve kyrkje. På 1. juledag er det gudsteneste med påmelding på Husnes. Det blir opne gudstenester utan påmelding i Eid kyrkje, Åkra kyrkje og Kvinnherad 1.juledag, med plass til 50 personar. 2. juledag blir det open gudstenste i Hatlestrand kyrkje og Uskedal kyrkje.

Det blir påmelding til gudstenestene på julafta (+ 1. juledag på Husnes) frå onsdag 16. desember, anten ved å senda sms til telefonnummer 48038628, eller ringe i kontortida (mandag - torsdag kl 09.00 - 15.00). På sms må ein skriva namn, kva for ei kyrkje ein vil koma i og kor mange som kjem.

Tilbake