Avlyste gudstenester - igjen...


Avlyste gudstenester - igjen...


Også kyrkja i Kvinnherad føl korona-situasjonen tett, og ynskjer å vera med å ta ansvar i ein krevande situasjon. Difor må me melda om avlyste gudstenester dei to neste helgene.

Tryggleik og omsorg i tøffe tider
Me i kyrkja ynskjer å vera tilstades i folk sin kvardag, og formidle håp, trøyst og tru inn i dagar som for mange nå oppleves vonde og håplause. Til vanleg kan me formidle dette når me inviterer til gudstenester og andre samlingar i kyrkjene våre. Nett nå kan me formidle trygghet og omsorg best ved å ikkje invitere til samlingar.

Ikkje ordinære gudstenester dei to neste helgene
Erna si generelle oppmoding om at me skal vera mest mogleg heime, kombinert med smittevernlegen i Kvinnherad si tilråding, gjer at det heller ikkje komande helg vert opne gudstenester i kommunen vår. Der det er meldt inn dåp vert det halde eiga dåpsgudsteneste.

I og med at smitte-situasjonen hos oss oppleves nokså uoversikteleg, vert det heller ikkje vanlege gudstenester neste helg. Gravferder og vigsler i vekene framover vert gjennomført, men med maks 50 personar tilstades.

Andre samlingar
Til vanleg er det stor aktivitet i ein del av kyrkjene våre også på kvardagane. Samlingar som trusopplæring, temakveldar, barne- og ungdomsarbeid, korøvingar o.l. vert og avlyst, i alle fall ut november. Dermed kan det og sjå mørkt ut for ein del av dei planlagde julekonsertane som var planlagt i desember. Me veit at dette i tilfelle vil verta eit stort sakn for mange.

Digitale alternativ
Då korona gjorde sitt inntog i vår prøvde me oss på nokre digitale «Ord for helga». Noko liknande vil nok dukke opp i vekene framover og. Alt no til helga vil ein kunne finne ei digital helsing frå ein av prestane våre her på heimesida vår og kyrkja si Facebook-side.

Stå saman
Sjølv om dette ikkje er noko kjekt, kan det høva å sitera komikaren Espen Eckbo som gjennom figuren sin «Asbjørn» i vår sa det slik: «Det er nå vi må vise at vi står saman - ved å være hver for oss!». Eigentleg er det jo dette det handlar om akkurat nå.

Jan-Ove Fagerheim
Fung. kyrkjeverje

Tilbake