Cantus Firmus syng Gabriel Faure sitt Requiem fredag 30. oktober kl. 19.00 i Kvinnherad kyrkje. NB! Førehand"sal" av billettar! SISTE: Grunna stor pågang vert det ekstra-konsert kl 17.30 samme kvelden.
Cantus Firmus ynskjer velkommen til konsert i Kvinnherad kyrkje der dei framfører Gabriel Faurè sitt Requiem i D moll, komponert mellom 1887 og 1890. Dette er Allehelgensdag-helga. Musikk og song er samla rundt dette.
Eva Megyesi er organist, Kari Eide og Alida Nesheim er med på fiolin. Rebekka Attramadal er dirigent. Kor og musikarar er samla bak på galleriet i kyrkja. Det vil gjere at ein høyrer verket meir enn ein ser kor og musikarar.
Konserten startar med solostykke på orgel av Franz Liszt som heiter "Requiem aeternam". Det vil også bli ein introduksjon om Gabriel Faurè sitt Requiem. Requiem står i den kyrkjelege tradisjon for Messe for dei døde, med både alvor og håp.
Søndagen er det Allehelgensdag-gudsteneste, også kalla Helgemesse. Der er alle som har fulgt nokon av sine til grava sidan sist allehelgensdag særskilt invitert.
Konserten er eit samarbeid mellom Cantus Firmus og Kvinnherad Sokneråd.
Grunna stor interesse for konserten er det no bestemt at det blir førehandssal av bilettar. Navn og telefonnummer vert registrert ved "sal" av gratis bilettar på førehand. Bilettane kan kjøpast hos Prima Optikk i Skålagato eller ved å ringe/SMS vår dirigent 41106952.
Koronapandemien set oss på stadige organisatoriske prøvar. På denne måten vonar vi det vert oversikteleg og forutsjåeleg for alle som vil koma. Navna vert lagra i to veker. Det er mogeleg å gje ei gåve til Cantus Firmus sitt arbeid ved utgangen. sjølve konserten har ikkje billettpris.
Vi gler oss til å synge med Jeanne Marie La France. Ho er solist på ein sats av Requiem. Ho flytta til Norge i 2007 frå USA der ho studerte song på Towson University (bachelor) og Westminister Choir College (master) i Princeton, New Jersey. I tillegg til solistoppdrag i Kvinnherad og Etne, har ho vore medlem av Kammerskoret og Husnes blandakor, og syng no med kvinnekoret Stord con Spirito.
Gabriel Faure sitt requiem er komponert for orkester og kor. Vi hadde plan om å nytte orgelet, men dette er dessverre litt for ustemt til å kunne brukast i eit korverk. Kantor Eva Megyesi vil difor akkopagnere på piano, saman med fiolinistane Karie Eide og Alida Nesheim.
Vi gler oss til å få dele denne kvelden med dykk!
Venleg helsing Solfrid Hellesøy Siqveland, på vegne av Cantus Firmus.