Babysong i Rosendal


Velkommen på Café Hylleblomen!

 

Kom når du vil mellom kl.11-13 på Café Hylleblomen i Skålagata, Rosendal. Ta med babyen! Vi får ha lokalet for oss sjølve. Alle får ein kopp kaff/te og rundstykke. Om du ønskjer kan du kjøpa anna mat og drikke på Restaurant Fiolen. Dei vil servere oss!

Datoar: 7. september, 21. september, 5. oktober, 19. oktober, 2. november, 16. november, 30 november og 14. desember

Dette vert ei uformell samling der vi møtest for å snakka ilag og bli kjent. Vi kjem ikkje til å synga songar, slik vi vanligvis gjer på babysong. Dette er for deg som har baby eller små barn og ønskjer å treffa andre for ein prat.

Vi held oss til smittevernreglane og held avstand mellom kvarandre, vaskar hender og held oss heime om vi er sjuke.

Tilbake