Stefanus-vener: Medath og Baltus


Kvinnherad sokn har Stefanusalliansen som misjonsprosjekt. Her er eit utdrag frå siste nyhetsbrev: Ser du guten på bilete med stripete genser? Han heiter Medath og er 10 år gamal. Medath bur i Egypt.

 

På bilete ser du og mammaen hans og veslebror som berre er 6 månedar gamal! Medath har faktisk fire søsken til, så til saman er dei seks born og to vaksne i familien. Mammaen til Medath heiter Sarah. Ho var ei veldig ung jente då Medath vart fødd. Faktisk så var ho berre 15 år gamal, ho var eigentlig ei lita jente sjølv. Då er det ikkje lett å vera mamma!

Då mamma Sarah hadde fått fleire av borna sine, syntes ho det var veldig vanskeleg å vera ei god mor. Og Medath huskar at ho var veldig mykje lei seg. Det er jo ikkje sånn at alle mødre heilt automatisk veit korleis dei skal vera ei god mor. I Noreg har vi heldigvis helsesøstre og mange andre som kan lære oss det, men det er ikkje alltid så lett i Egypt. Men nå skal du få høyre noko fint!

Medath og familien hans bur på ein søppelplass som heiter Helwan, og der, der arbeider Stefanusbarna. Dei som driv barnehagar på søppelplassane i Egypt. Faktisk så har dei og kurs for mammaer som Sarah. Så då Sarah fekk litt hjelp og støtte til korleis ho kunne vera ei god mor, vart det mykje betre i familien. Vi treng alle litt hjelp av og til. Både mammaer i Noreg og i Egypt.

Det er forresten fleire ting Medath er glad for! Du kan kanskje sjå det på bilete? Han har fått seg ein hund! Denne hunden hadde ingen eigar, så nå er den Medath sin. Du ser sikkert koor mjuk og god den er å kose med! Hunden har fått namnet Baltus, og alle venene til Medath elskar å leike med den.

I dag har familien og fått besøk av Emad. Emad er ein av lærarane som jobba i barnehagen til Medath. Fordi det kan vera ganske vanskeleg å vekse opp på ein søppelplass, får dei besøk heime og. Det er fint, synes eg!

Emad lærer bort songar, fortel historier frå bibelen og høyrer på når familiane treng råd og hjelp. I dag ville Medath fortelje noko han var glad for, nemleg at han har fått Baltus! Har du noko du er glad for, akkurat nå?

I dag lærte Medath og familien og at Jesus er glad i alle born. Uansett om die er rike eller fattige. Glad eller lei seg! Det er viktig å høyre både for born i Noreg og Egypt.

Bøn: Kjære Gud. Takk for at du alltid er saman med oss. Takk for at du er saman med oss når vi er glade og lei oss. Takk for at det finnes dyr som gjer oss glade! Og takk for arbeidarane hos Stefanusbarna som hjelper mammaer til å bli endå betre mammaer!

Takk til alle gode Stefanusvener!

Ynskjer du å verta ein Stefanusven?
Du kan lesa meir om Stefanusalliansen sitt arbeid på www.stefanus.no.

Tilbake