Valen kyrkje på torsdag...?


Det var no litt av eit spørsmål. Kva har eg i kyrkja å gjera tenkjer du kanskje. Uansett kva du tenkjer om spørsmålet så har du høve til å stikka innom kyrkja torsdag 24. september.

 

Soknerådet inviterer denne kvelden til ei enkel kveldsgudsteneste. Me har fått ny vikarprest i haust, Åse Selsvold. Er du nyfiken på korleis ho preikar og held gudsteneste så er du velkomen. Du som allereide har høyrt henne, eller sjeldan er i kyrkja, er sjølvsagt og velkomen. Ho er snart ferdig med  teologistudier og er tilsett hjå oss som vikar fram til sommaren.

Soknerådet har ynskje om at desse torsdagskveldane (blir to til i haust) og skal kunna vera ein stad for sosialt samvær. Difor blir det høve til å eta ein enkel kvelds etter gudstenesta. Då kan praten gå om både det eine og det andre. Me håper å bli betre kjent med kvarandre, både den ein kjenner litt frå før og einkvan ein møter for fyrste gong.

TEMAKVELDAR hausten 2020:
 

Torsdag 29.10 kl. 19.00 Valen kyrkje
Konsert ved John Inge Rolfsnes
Enkel kveldsmat og sosialt samvær etter konserten

 
Torsdag  26.11 kl. 19.00 Valen kyrkje
Temakveld ved professor emerita Lisbeth Mikaelsson
Tema: Glade jul – refleksjonar rundt julefeiringa
Enkel kveldsmat og sosialt samvær etter foredraget

 

Me snakkast !

Liv Slettemark
Leiar Husnes og Holmedal sokneråd

Tilbake