Ledig stilling


Frå 1. desember 2020 er det ledig fast stilling som KYRKJEVERJE/DAGLEG LEIAR. Kyrkjeverja leier den kyrkjelege verksemda etter kyrkjelova og vedtak i kyrkjelege organ. Søknadsfrist 21. september.

 

Kvinnherad kommune ligg i Sunnhordland og grensar til Hardanger. Kommunen har vél 13000 innbyggjarar. Kommunen har flott natur med gode høve til rekreasjon og naturopplevingar heile året. Her er eit rikt kulturliv og eit variert næringsliv, både offentleg og privat. Fellesrådsområdet femner om i alt ni sokn, med i alt 12 kyrkjer (Kvinnherad, Ænes, Varaldsøy, Hatlestrand, Ølve, Åkra, Uskedal, Husnes, Valen, Holmedal, Eid og Fjelberg).

Fellesrådet er arbeidsgjevar for i alt 36 tilsette: organistar, kyrkjelydspedagogar/sekretærar, administrativt personal, kyrkjetenarar, kyrkjegardsarbeidarar, til saman om lag 15 årsverk.
I tillegg er det 4 prestar. Administrasjonsmålet er nynorsk.

Frå 1. desember 2020 er det ledig fast stilling som
KYRKJEVERJE/DAGLEG LEIAR

Kyrkjeverja leier den kyrkjelege verksemda etter kyrkjelova og vedtak i kyrkjelege organ.

Sentrale oppgåver
- Dagleg ansvar for kyrkjeleg fellesråd sine oppgåver.
- Arbeidsgjevaransvar og personalleiing.
- Sekretær for Kvinnherad kyrkjelege fellesråd med ansvar for planarbeid,
  saksutgreiing og oppfølging av saker.
- Budsjett og økonomiarbeid i samsvar med kyrkjeleg fellesråd sine prioriteringar.  
- Ansvar for plan og utgreiingsarbeid.
- Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar.
- Ansvar for gravplassforvaltning.

Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning og/eller alternativ realkompetanse for stillinga.
- Relevant leiarerfaring og røynsle med personalarbeid.
- Kompetanse innan offentleg forvaltning, plan-, økonomi- og budsjettarbeid.
- Kjennskap til kyrkjeleg verksemd og erfaring frå kyrkjeleg arbeid er ønskjeleg.

Personlege eigenskaper
- Du må trivast med å leia og administrere.
- Evne til å inspirere og motivere medarbeidarar.
- Evne til å samarbeide, og å arbeide målretta.
- Vera medlem av Den norske kyrkja, og kunne arbeide i samsvar med kyrkja sine mål.
- Personlege føresetnader og motivasjon for stillinga vil bli vektlagt.

Me kan tilby
- Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver med kompetente og engasjerte medarbeidarar.
- Fagleg og personleg utvikling.
- Løn etter avtale.
- Pensjonsordning i KLP.

I 2016 vart det bygt nytt felles kyrkjekontor på Valen for tilsette i alle sokna i kommunen.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Kyrkjeverje Erling Niclasen, tlf  95 48 50 73
e-post: erling.niclasen@kvinnherad.kommune.no          
Prost Svein Arne Theodorsen, tlf 95 75 09 27
e-post: svein.arne.theodorsen@kyrkja-stord.no

Søknad med CV vert å senda til:
Kvinnherad kyrkjelege Fellesråd, att. Kyrkjeverje
Klubbavikjo 9, 5451 Valen
Eller på e-post til: erling.niclasen@kvinnherad.kommune.no


Søknadsfrist 21. september

Tilbake