Innsetjing av prestevikar


NB! FEIL I EI AV AVIS-ANNONSANE! Innsetjingsgudstenesta skal vera i Valen kyrkje! ---> Bjørgvin bispedømeråd har tilsett Åse Selsvold, Bømlo som prestevikar i Kvinnherad i 100 % stilling i eit år, biskopen har gjeve henne mynde til å forretta dåp og nattverd. Komande sundag vert ho innsett i denne tenesta av prost Svein Arne Theodorsen.

 

Innsetjinga skjer på gudsteneste i Valen kyrkje der mellom anna soknerådsleiar Liv Slettemark og kantor Eva Megyesi tek del. Det vert nattverd og takkoffer til Kyrkjelydsarbeidet.

Etter gudstenesta inviterer Husnes og Holmedal sokneråd til kyrkjekaffi tilpassa koronasituasjonen og godkjent av kommunelegen. Kjekt om mange vil vere med og helsa den nye medarbeidaren velkomen.

Namn og mobilnr. til deltakarar vert registrert for å bidra ved eventuell smittesporing, vert sletta etter 10 dagar. Ta gjerne med lapp med namn og telefonnr. og lever i døra når du kjem.

Tilbake