Presteteneste i Kvinherad


Etter ei tid med vakansar, kan vi melda godt nytt om prestetenesta i sokna i Kvinnherad.

 

Åse Selsvold vil frå 01.08.2020 til 30.06.2021 gjera teneste som prestevikar i Husnes og Holmedal sokn. Biskopen i Bjørgvin har gjeve henne mynde til å forretta dåp og nattverd i sokna i Kvinnherad i denne perioden. Åse kjem frå Bømlo, arbeidar no i kyrkja på Stord. Ho vil bli innsett i tenesta ved gudstenesta i Valen kyrkje 16.08 kl. 11.00.

Carsten Mrusek vil gjera teneste som fungerande sokneprest i Uskedal sokn ut juni 2021, han tek til i tenesta i september. Carsten Mrusek vil leia gudstenesta med konfirmantpresentasjon i Uskedal kyrkje 20.09 kl. 19.30. Mest truleg vert Mrusek innsett i tenesta av prosten i denne gudstenesta. Carsten er frå Tyskland, frå Bremen – området. Han har vore i Noreg sidan 2010, var sokneprest i Nordfjord prosti, sidan 2015 i Hardanger og Voss prosti, no med teneste i Odda, Røldal, Skare og Utne sokn.

Me ynskjer dei begge velkommen inn i tenesta i Kvinnherad, og oppmodar alle til å ta vel imot dei når de møter på dei til hausten.

Tilbake