Digital 17. mai-gudsteneste


På søndag, 17. mai, var det planlagt gudsteneste som ein del av feiringa av Grunnlovsdagen i ni av kyrkjene våre i Kvinnherad. Pga korona-situasjonen vert det ikkje slik dette året.

 

GUDSTENESTA VERT PUBLISERT PÅ FACEBOOK KL 11.00 17. MAI.
>>> Sjå den saman med andre HER! <<<


--> Supert om du har lyst til å klikke deg inn på linken og LIKE, KOMMENTERE eller DELE på Facebook, slik at flest mulig får vite om gudstenesta. :-)

Som så mange andre, satsar også me i kyrkja i Kvinnherad på ei digital feiring dette året. Det vert ei feiande flott gudsteneste med m.a. "Vitae Lux" av Frode Alnæs som preludium på kornett og orgel, kyrkjekoret Norsaang er forsongarar når me stemmer i allsongar som "Ja, vi elsker", "Gud signe vårt dyre fedreland" m.fl., songarar frå Rosendal barnekor deltek med flott song og det vert preik og bøn. Innspelingane er gjort både i Eid kyrkje, Kvinnherad kyrkje, Husnes kyrkje og Valen kyrkje, men det vert og nokre glimt av alle dei tolv flotte kyrkjene i kommunen vår. Sokneprestane Kjersti B. Boge og Jan Ove Totland leier gudstenesta og kantor Eva Megyesi sit på orgelkrakken.

Dette er med andre ord ei felles gudsteneste for heile kommunen. Gudstenesta vert lagt ut på kyrkja si heimeside og Facebook-side kl. 11.00 på 17. mai. Ein kan og fylgje gudstenesta via nettsidene til både Kvinnheringen og Grenda.

Kyrkja i Kvinnherad ynskjer med dette å gratulere alle med dagen, og håpar mange vil ta del i fellesskapet og den spesielle feiringa av årets 17. mai.

Tilbake