Velkomne til dåp i koronatider!


Kyrkja i Kvinnherad ynskjer velkomen til dåp i ei tid som er annleis. Nokre har utsett dåpen, men no har denne koronatida vart så lenge at det er på tide at barnet blir døypt før dåpskjolen vert for liten.

 

Det er sjølvsagt leitt å ikkje få invitere alle som skulle vore med på ein slik høgtidsdag, men kanskje eit alternativ kan vere å invitere til familieselskap om eit år og feire eitt års dåpsdag.

Biskopen vår har sendt brev og oppmoda oss som jobbar i kyrkja om å vere fleksible og finne gode løysingar: «Ein kan ha dåp på både kvardag, laurdag og søndag. Ein kan også ha fleire korte dåpsgudstenester i kyrkja same dag med ein times intervall. Ein må berre passa på godt smittevern og avpasse talet på dei som deltar.» Biskopen skriv vidare: «No er tida også inne til å snu opp ned på reglar om fotografering og oppfordra familiane til å strima og filma dåpen. Slik kan slekt og vener følga med frå andre stader i landet.»

For oss i Kvinnherad betyr dette at vi kan ha dåp på søndagar der det i utgangspunktet var sett opp gudsteneste. Ved t.d. tre dåp i ei kyrkje kan vi ha dåp kl.11, 12 og 13. Ein kan vere 50 til stades utanom dei tilsette i kyrkja. Er det sjeldan gudsteneste i den kyrkja de vil ha dåp, eller om det høver betre på eit anna tidspunkt, så er det berre å ta kontakt med kyrkjekontoret eller din lokale prest. Så prøver vi å finne eit godt tidspunkt for dåp. I denne tida med avlyste gudstenester kan det bli dåp både på kvardagar, laurdag og søndag. Og sidan det no vert det vanlege med dåpsgudsteneste for ein familie i gongen, så er det eit godt høve også for vaksne som ikkje er døypt, men som ynskjer å høyre heime i kyrkja, å ta kontakt for å bli døypt.

Velkomne til dåp i ei uvanleg tid!

Helsing prestane i Kvinnherad
Kjersti Brakestad Boge og Jan Ove Totland

Tilbake