I denne tida som kan virke både uoversikteleg og skremmande, er det trygt å vite at påskebudskapet er det samme år etter år. Jesus er den samme, og vi har ein Gud som aldri forlet oss. Astrid-Helene Fagerheim har skrive Ord for helga i avisene denne veka, 2. Søndag i påsketida - Søndag 19. april 2020 (Johannes 21, 1-14)
Vi har nettopp feira påske. I dag kan vi påskefortellinga. På langfredag veit me at det kjem ein påskedag og ein oppstått Jesus. Men prøv å setje deg inn i disiplane sin situasjon. Korleis var det for dei å stå der og sjå bestevenen sin henge på korset? Korleis opplevde dei desse dagane i Jerusalem? Desse fiskarane hadde forlatt alt og satsa livet sitt på denne mannen som dei møtte på stranda for ca tre år sidan. Sjå for deg skuffelsen, når plutseleg alt går i grus. Alt håp virka ute, ingenting gav meining lenger. Simon Peter, og eit par andre av disiplane, var igjen på stranda, tilbake til sitt gamle liv, fiskarar. Og vi kan kjenne oss igjen i Peter her, når vi føler livet går mot oss og ting virkar vanskeleg, så har me så lett for å havne i gamle spor. Peter går tilbake til det livet han levde før, som ein fiskar.
Peter og gjengen veit ikkje at Jesus har stått opp. Og når dei møter ein mann på stranda morgonen etter, skjønar dei ikkje at dette er den samme Jesusen som kalla dei til menneskefiske og som dei hadde satsa livet sitt på. Natta ute i fiskebåten hadde vore lang, mørk - og ingen fisk. Plutseleg står det ein mann og ber dei om å kaste garnet over på den andre sida av båten. “Kva er poenget?” tenkte nok Peter. Men denne gangen drar dei opp så mykje fisk som aldri før. Då forstod dei at det var Jesus. Han hadde ikkje forlatt dei. Han hadde stått opp slik han hadde fortald dei så mange ganger, men som dei ikkje hadde forstått. Jesus dø på korset, vart forlatt av Gud, sånn at Peter og disiplane, og du og eg, aldri treng å oppleve å bli forlatt.
Jesus møter displane endå ein gong på stranda. Han møter dei der dei er og der dei treng å bli møtt. På samme måte har ikkje Jesus forlatt oss i dag heller. I denne tida som kan virke både uoversikteleg og skremmande, er det trygt å vite at påskebudskapet er det samme år etter år. Jesus er den samme, og vi har ein Gud som aldri forlet oss.
God helg.