Forventning og overrasking


Det var berre éin som visste kva som venta: Jesus sjølv som snart skulle vise at «timen hans» var komen, då han skulle fullføre det verket Gud hadde planlagt! Marit Lindekleiv har skrive Ord for helga i avisene denne veka, Palmesøndag 5. april 2020. (Joh 12,13-24)

 

Teksten for Palmesøndag er ein tekst fylt av forventning og overrasking. Kven har ikkje høyrt bibelforteljinga om Jesus som kom ridande inn i Jerusalem på ein liten eselfole? Kanskje har nokon til og med spelt rolla som både Jesus og esel!

Mange jødar hadde stor forventning til det som skulle skje denne dagen. Kongen dei venta på skulle kome til Jerusalem, og ei stor folkemengd var klar med palmegreiner og jubelrop. Men så kom han altså ridande på ein ynkeleg liten eselfole! Overraskande, og nesten tragisk opptrinn for ein konge.
Og ikkje nok med dette. Dagen før hadde han vore innom Betania, og ryktet fortalde at han hadde vekt den døde Lasarus opp til livet igjen! Ja, det var ikkje tome rykter heller, for det var ein stor del av folkemengda i Jerusalem som hadde vore der, og dei vitna tydeleg om det som hadde skjedd. Denne Jesus kunne sanneleg gjere under!

For farisearane vart det direkte frustrerande å høyre på alle vitnemåla om ein dei prøvde å fella. Dei sa: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda spring etter han!» v.19 .Vitnemåla hadde nok hatt stor verknad. Farisearane var kan hende meir overraska over folket sin respons enn over Jesus, for han kjende dei godt til!

Det er også nemnt nokre grekarar som hadde teke den lange vegen til Jerusalem, i forventning om å få sjå Jesus. Dei møtte Filip og bar fram ynskje sitt for han. Filip tok raskt kontakt med Andreas, slik at dei saman kunne gje Jesus beskjed. Igjen overraskar Jesus. Han fortel no om kveitekornet som må falle i jorda og døy, før det kan gje grøde.v.24.

Ikkje alle møte med Jesus er like enkle å forstå. Begeistring og vitnetrang skulle få prøvd seg i dagane som kom. Det var berre éin som visste kva som venta: Jesus sjølv som snart skulle vise at «timen hans» var komen, då han skulle fullføre det verket Gud hadde planlagt!

Tilbake