Han samlar dei som er spreidde rundt omkring


Er det mulig å oppleva fellesskapet når ein sit i si eiga stove og ser gudsteneste på ein skjerm?
Marit E. Totland har skrive Ord for helga i avisene denne veka, 4. søndag i fastetida – Søndag 29. mars 2020. (Joh 11,45–53)

 

Andre søndagen me ikkje kunne gå til kyrkje på vanleg vis, fulgte mange gudstenesta på TV frå Elverhøy kyrkje i Tromsø siste veke. Aldri har eg vore så sterkt til stades på ei fjernsynsgudsteneste. Fordi eg ikkje var åleine der. Eg såg dei tomme benkene, men visste at me var mange som lytta. Eg såg presten med boka i handa, men visste at det ho skulle dela med oss kom frå noko større enn ei bok. Eg høyrte den spede allsongen, men visste at koret som stemte i, var stort. Eg lytta til norsk og samisk, og blei minna om at me er ulike, men står saman, ikkje berre i landet vårt, men i verda.

Så les eg teksten for denne søndagen. Som handlar om tida før påske då dei «rettruande» la planar om å drepa Jesus. Eg les om det paradoksale at dei trur dei skal bli kvitt han, men at Skrifta seier at dette skal bli til redning for folket, ei sanning me går nærare inn på i høgtida som kjem. Men eg les også at  «... han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde rundt omkring».  Eg veit at dette handlar om det evangeliske, at Guds redning gjeld alle. Men eg tillet meg å lesa det inn i den situasjonen me er i: Me samlast sjølv om me ikkje kan samlast. Det er eit fellesskap som er sterkare enn låste dører kan stengja ute.

Dette høyrer me i kyrkja:

  • La oss høyra Herrens ord.
  • La oss be.
  • La oss bøya oss for Gud og be om tilgjeving.
  • La oss prisa Herren.
  • La oss be den bøna Jesus lærte oss å be.
  • La oss vedkjennast vår heilage tru.

Ja, la oss gjera dette! Også om me sit i vår eiga stove. Og la oss kjenna på fellesskapet om det aller viktigaste: Trua på Jesus. Om trua er som eit lite frø eller som det høgaste fjellet; du kan vera med i fellesskapet.

  • Gå i fred! Ten Herren med glede!

Tilbake