ÅRETS FASTEAKSJON BLIR DIGITAL OG ER VIKTIGARE ENN NOKON GONG!


Konfirmantar over heile landet var klare til å gå frå dør til dør for å samla inn millionar av kroner til Kirkens nødhjelp sitt arbeid. No er det bestemt at fasteaksjonen 2020 blir digital. LINK finn du inne i artikkelen her. >>>

 

KLIKK HER for å gi pengar til Fasteaksjonen via Kyrkja i Kvinnherad si Facebook-innsamling!

Fasteaksjonen blir altså IKKJE avlyst, men får i staden ei digital form. For å hindra spreiing av COVID-19, vil pengane til fasteaksjonen i år ikkje verta samla inn frå dør til dør, men via Vipps 2426, via SMS 2426, via fasteaksjonen.no og på sosiale medium, særleg Facebook.

Kirkens Nødhjelp sin årlege Fasteaksjon er Norges nest største innsamlingsaksjon. I fjor samla aksjonen inn 32 millionar kroner, ein sum som gjev 160.000 menneske tilgang til reint vatn. 29. - 31. mars skulle 40.000 bøsseberarar ha gått dør til dør for å samla inn pengar for å gje sårbare menneske tilgang til reint vatn og god hygiene.

Kyrkjelyden sin eigen digitale bøsseaksjon
Digital innsamling via facebook er eit alternativ til bøsseaksjon. Uansett innsamlingsmetode, er midlane som vert samla inn i fasteaksjonen heilt uvurderlege for KN. KN har spisskompetanse på vatn, sanitær og hygiene ute i verda – så pengane trengst!

KLIKK HER for å gi pengar til Fasteaksjonen via Kyrkja i Kvinnherad si Facebook-innsamling!

*Pengane som kjem inn på Facebook kjem i tillegg til summen som står inne på fasteaksjonen.no.

Tilbake