Rosendal Søndagsskulekor og vokalgruppa Singing Tweens frå Uskedalen bedehus inviterer til konsert i Kvinnherad kyrkje.
Rosendal barnekor inviterer til øvingar i vinter og vår ca annankvar torsdag. Vokalgruppa singing Tweens øver på Uskedalen bedehus på onsdagar.
Vi gler oss over at Bjarte Leithaug kjem til Kvinnherad kyrkje laurdag 15. februar, der alle born i kommunen er invitert til bli med på heildagsøving og ettermiddagskonsert!
Programmet vert slik:
Kl 13.00 - 15.00: Øving, inkludert fruktpause.
Kl 15.00: Pizza til alle som er med å øver!
Kl 16.00: Konsert!
Kjente songar som «Skal vi være venner» og «Jeg liker dine store ører» er sjølvsagt med! Born født i 2013 og større kan bli med. Barnekora er medlem av Norges søndagsskuleforbund, som har motto «Jesus til borna». Alle born, uansett om dei veit noko om Jesus eller ikkje, kan sjølvsagt vere med! Velkommen nye og ‘gamle’!
Helsing leiarane
Bilde er frå då Bjarte Leithaug og 50 born frå heile kommunen song i Kvinnherad kyrkje oktober 2016!