Søndag 9. februar (Kvinnherad kyrkje) og søndag 16. februar (Hatlestrand kyrkje) kan du verta med på konfirmantane sitt salmeslag.
Grupper frå konfirmantane i Kvinnherad, Åkra og Ænes har øvd inn forskjellige salmar i lag med organistane, som dei skal framføre i kyrkja, og kyrkjelyden skal stemma over kva for ein salme som vart best. Det er ein slags salme-kveld Grand-Prix! Kyrkjelyden får utdelt stemmesetlar og til slutt kårar vi ein vinnar. Alle er hjarteleg velkomne!
Kvinnherad kyrkje, søndag 9. februar kl 19.30:
Konfirmantane frå Kvinnherad, Åkra og Ænes sitt salmeslag.
Hatlestrand kyrkje, søndag 16. februar kl. 19.30:
Konfirmantane frå Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy sitt salmeslag.
Helsing sokneprest Kjersti Brakestad Boge