Vinterkonsert


Velkomne til Valen kyrkje fredag 21. februar. Då kan du få oppleva konserten som har fått arbeids-tittelen "VARIERT VAKKERT VIRTUOST".

 

Nett før vinterferien i 2019 inviterte Yuko Shuto og Steinar Haugan til konsert i Valen kyrkje for å syne fram det nye pianoet. Det vart ein variert og vakker konsert og begeistring i den fullsette kyrkja.

Fredag 21. februar 2020 har me gleda av å invitere til ny konsert, med same oppskrift. Det vil seie ein variert konsert med pianoet i fokus, men med flotte solistar på andre instrument og nokre innslag av lokale kor. Velkommen!

Tilbake