Torolf Nordbø, med humorfiguren «Han Innante», kjem til Valen kyrkje tysdag 3. mars kl 19.00. Det vert visekonsert med Torolf og humorshow med «Han Innante».
Torolf syng eigne songar med norsk tekst frå dei 3 CD’ane sine. Til visene akkompagnerer han sjølv med gitar og munnspel. Musikkstilen er vise, roots og country.
Torolf Nordbø er kjend frå Nrk TV og radio; Ønskekonserten, Norsktoppen, Salmer og Sanger, Beat for Beat og Sanger om Norge er mellom dei programma han har medverka i. Han har og hatt duettar m.a. med Rita Eriksen, Sondre Bratland, Rita Fotland, Hilde Svela, Britt Synnøve Johansen, Rønnaug Foss Alsvig og Synnøve Aanensen.
Som «Han Innante» har Torolf gjeve ut 5 CD’ar, 4 DVD’ar og 5 humorbøker. Han har også reist rundt heile landet i årevis med motivasjons- og inspirasjons-opplegg, mest for større firma, men og for kyrkjelydar og
offentlege institusjonar.
Torolf Nordbø (og «Han Innante») har reist rundt i Sør-Norge med mange revyturnear med m.a. revyen ”Misjonæren og Hedningen”, med Per Inge Torkelsen. Han har og spela revy på ”Latter” i Oslo med m.a. Jon Niklas Rønning og Rune Andersen. For tida turnerer han med større produksjonar saman med m.a. Steinar Albrigtsen og Gunstein Draugedalen.
Torolf Nordbø er utdanna pedagog og har vore lærar i den vidaregåande skulen. Ellers har han jobba fleire år på anlegg som jernbindar og i Nordsjøen i oljeboring. Han har og vore misjons-arbeidar for Misjonsforbundet i Congo der han m.a. spela i eit band i den kongolesiske kyrkja saman med fire kongosesarar og ein svenske.