Avskjedsprat med sokneprest Reidar Ådnanes


3 og eit halvt år er kort tid i eit vaksenliv, og heller ikkje lenge i eit presteliv. Desse åra som Reidar har vore i teneste i Husnes og Holmedal sokn, har likevel vore viktige år, og fortener eit lite tilbakeblikk då han like før nyttår formelt avslutta si teneste her.

 

Det er neppe feil å seie at situasjonen i Husnes og Holmedal sokn på ingen måte vart svartmala, då han vart oppmoda om å søkje den ledige stillinga. Men med eit langt liv i bagasjen, var han gjerne likevel forsiktig optimist og samtidig jordnær realist då han gjorde sin entre hos oss i mai -16. (Bilete er frå innsetjings-gudstenesta i Husnes kyrkje, søndag 29. mai 2016)

Det nye kyrkjekontoret på Valen stod snart klart til bruk! Alt hausten -16 var personalet frå heile Kvinnherad samla i det nye kontorlandskapet. For Reidar vart litt av jobben å koordinere preste-arbeidet på tvers av soknegrensene, og bidra til eit breiare personalsamarbeid! Eit arbeid som var både spanande og utfordrande!

MØTE MED KYRKJELYD – OG FOLK FLEST
Mange kyrkjer og små kyrkjelydar med sjeldne møtepunkt, er vel ein grei kortversjon av stoda i Kvinnherad. Reidar sitt fyrste og store spørsmål i møte med denne realiteten var som fylgjer: «Korleis kan gudstenesta verte bra for kyrkjelyden, når ho finn stad så sjeldan og har ei så lita kjerne?» For evangeliet må nå fram, uansett om det er mange eller få, ofte eller sjeldan!

«Det er dette mi teneste primært handlar om!» Orda kjem med tyngde og overbevisning, og ein kan kjenne også med ei viss nød i seg!

«Og kva med Husnes, der vekslinga er så stor mellom dåpsgudstenester og «vanlege» gudstenester, med den vesle kjernen, trass stort folketal?» Ikkje vanskeleg å kjenne seg att i situasjonsbeskrivinga. Heller ikkje vanskeleg å forstå at dette har vore utfordrande!

Å møte den vanlege mann er også viktig for han. Men trass i at Reidar er ein mann med sterke sosiale evner, har han kjent på begrensninga i å ikkje bu på staden. Han kjenner på det fakta at pendlinga nok har hindra han i å i særleg stor grad få høve til å la seg integrere i lokalmiljøet.

PLUSS-SIDER
Når dette er sagt, er tida inne til å fokusere på gledene i tenesta! Utan å ta av, er det ein takksam sokneprest som gir uttrykk for å ha hatt ei god tid i dette soknet.

Som han utrykkjer det: «Folk er folk, både i Spania og i Kvinnherad.» Han utdjupar dette for mange kjende uttrykket frå gatemagasinet, på ein måte som er gjenkjenneleg for mange: «Det er ulike fasar i livet for alle. Alle opplever utfordringar og gleder om enn i ulikt mål. Ingen unngår sorg og død.»

For Reidar har møte med ulike menneske gitt han del i mange og fine livsforteljingar. - «Det blir ein rikdom å ta med seg for meg!» Det er ikkje vanskeleg å tolke at dette rører djupt i soknepresthjarta, og medmennesket Reidar. Han gler seg også over å ha møtt ei generell positiv haldning til kyrkja, som her i soknet har ein relativt høg dåpsprosent. Mange fine møte med m.a. tilflytta industrifolk som i dag er stolte og entusiastiske Kvinnheringar, blir også med i minnekransen!

KYRKJELYDEN
Møte med dei få, men trufaste kyrkjegjengarane, har gitt Reidar  mykje oppmuntring. Ei forsiktig men varm tilbakemelding etter gudstenesta har gjort godt meir enn ein gong. Gode handtrykk likeså!

Som før nemt, har formidling vore «alfa og omega» for Reidar. «Korleis nå inn til dei 5, og korleis få formidla den same teksten og bodskapen for dei 100, slik at den einskilde kjenner at det vedrører dei?» Dette har vore det største spørsmålet i møte med mangfaldet i bygdene her! Nettopp difor har alle gode og konstruktive tilbakemeldingar vore så uvurderlig nyttige!

STABEN
Reidar har også gode spor i hjarta etter desse åra ilag med den staben som han sjølv har vore med på å sveise saman. Her har han møtt menneske som han har opplevd brenn for jobben sin! Samtidig gir han stor honnør til kyrkjeverja som evnar å sjå folk og heie fram den einskilde!  Tilsaman har dette skapt eit godt arbeidsfellesskap i kvardagen desse åra.

NOKRE ORD TIL SLUTT
Vi står framfor ei tid med stor prestemangel. Når Reidar blir utfordra på kva han vil seie til oss i den situasjonen, kjem fylgjande tankar og refleksjonar:

«Kyrkjelyden vil trulig etter kvart måtte ta meir ansvar for m.a. formidlinga i gudstenesta. Dette for i det heile å oppretthalde gudstenestelivet. Eit velfungerande trusopplæringsopplegg er svært verdifullt. Det vil meir og meir vere avgjerande for å sikre basis-kunnskap om kristen tru. Utfordringa blir nok å inkludere ungdommen i dette arbeidet.»

Reidar, som no går over i 100 % stilling som prostiprest i Sunnhordland, vil nok dukke opp på ei og anna gudsteneste her hos oss også. Og vi ser fram til det.

Samtalen vert avrunda med eit ynskje frå Reidar om at  det snarleg må lukkast å få på plass ny prest!

VÅR TAKK
Då kan det vere på sin plass å takke Reidar for godt nytta år, der han har fått gitt mange av oss god niste med på livsvegen. Mange har gått rikare heim frå Guds hus etter å ha fått del i hans levande formidling av både livet, Jesus og nåden, gjerne ved hjelp av «bilder», dikt, song og delt livserfaring! Gud har utrusta denne tenaren sin rikt.

Vi er mange som ynskjer Reidar gode år vidare, med god helse, glede og velsigning i arbeidet, og ei rik pensjonisttid, når så langt kjem!

Marit Lindekleiv

 

 

  

 

Tilbake