Lysmesser i Kvinnherad - Eit lys i mørketida


Lysmesser i Kvinnherad - Eit lys i mørketida


Aldri er kyrkjene våre så fulle som i advents- og juletida. Folk strøymer til gudstenester, konsertar, skulegudstenester og julevandringar.

Konfirmantane plar å ha lysmesser i dei forskjellige kyrkjene. Det er vakre, enkle gudstenester med lys og tekstlesingar og salmar. Saman tenner vi lys i mørketida og ventar på Jesus, han som kom med lys og kjærleik inn i vår verd.

Eit minne med sterke og vakre bilete, sit fastbrent i meg, frå då eg var ei lita jente. Eg var på ei lysmesse i ei vakker kyrkje og mange born kom inn i kyrkja med levande lys, medan dei song: «Det lille lys jeg har, det skal få lyse klart!» Dei var nesten som levande englar der dei stod. Seinare då eg vart vaksen og studerte i Oslo kom eg inn i denne kyrkja, og eg kjende meg att, det var Frogner kirke i Oslo.

Dette året er det lysmesser i desse kyrkjene:

Søndag 1. desember:
Uskedal kyrkje kl.16.00
Eid kyrkje kl.18.00
Kvinnherad kyrkje kl.19.30.

Søndag 8. desember:
Husnes kyrkje kl. 16.00
Valen kyrkje kl. 18.00

Søndag 15. desember:
Holmedal kyrkje kl. 18.00
Ølve kyrkje kl. 19.30

Vel møtt til ei annleis gudsteneste med lys i mørketida.

Helsing Kjersti Brakestad Boge, sokneprest i Kvinnherad

Tilbake