Den nye kyrkjevergen


Erlingur Nielsson, eller Elli som han og likar å bli kalla, er 52 år og kjem frå Island. 

 
Han bur i Omvikdalen og er gift med Ann Merethe Jakobsen. Saman har dei 4 born og 1 barnebarn. Hausten 2014 tok Elli til som kyrkjeverge, etter at Arne Lindekleiv vart pensjonist.
 
Butikksjef på Seimsfoss
Då Elli og Ann Merethe flytta til Norge for 9 år sidan, var det for at Elli skulle drive butikk på Seimsfoss.  Han hadde ikkje drive med slikt før, men dei var klare for å prøve noko nytt. Dette vart samtidig ein flott anledning til å flytte til Norge.  Ann Merethe kjem eigentleg frå Bodø, men mesteparten av familien hennar har etter kvart flytta til ulike plassar på Vestlandet.
 
– Eg trivdes veldig godt med å drive butikk, seier Elli. - I løpet av ein dag kom eg i kontakt med mange flotte mennesker, og det kunne bli mange gode samtalar. Men det var sjølvsagt også krevande. Det tok veldig mykje tid, og det var eit stadig aukande press og krav t.d. når det gjaldt økonomien.
 
Elli fortel vidare at alle borna har vore med og hjelpt til i butikken og hatt ulike deltidsstillingar. No har eine dottera overteke butikkdrifta.
 
Kvifor kyrkjeverge?
- Eg hadde faktisk aldri høyrt om stillinga før no i haust, og ante ikkje kva det gjekk ut på. Eg sat på kontoret i butikken ein dag, så dukka det opp ein person i døra. Ho arbeider i kyrkja, og visste at stillinga som kyrkjeverge stod ledig. Så spurde ho: Du kan ikkje tenke deg å bli kyrkjeverge, vel? Eg ante jo ikkje kva det gjekk ut på, men ho fortalde litt, og sa at stillingsannonsa var å finne på nettet. Då eg kom heim tok eg fram PC’n og leste gjennom stillingsannonsa. Det virka jo litt interessant, men litt for voldsomt. Så eg slo det frå meg. Dette klarer eg ikkje. Litt seinare tok eg det fram igjen og leste gjennom. Då kjende eg at “Dette har eg lyst til”. Eg tenkte vidare at eg har jo ein del erfaring eg kan ta med meg inn i ei slik teneste, så dermed søkte eg. Og i dag er eg veldig glad for at eg sit i denne stolen her.
 
Etter å ha hatt jobben eit par månadar, kjenner eg på at dette har blitt både finare og flottare enn eg hadde trudd. Det som gleder meg mest i jobben er først og fremst møtet med alle dei flotte kollegaene eg har. Medarbeidarane mine på ulike plan, både prestar, dei som jobbar på kontora, trusopplærarar osv. Eg føler eg har blitt godt motteken. Me står ovanfor mange mulighetar, men også utfordringar. Korleis kan me gjera kyrkja sterkare, og meir synleg i lokalsamfunnet?
 
Eg har erfaringar etter å ha tent både Gud og Mammon, så å seie. Dette er gode erfaringar å ta med seg inn i tenesta som kyrkjeverge. Det kjennes og veldig godt å vera tilbake i eit kristent arbeid.
 
Elli kan fortelja at både han og Ann Merethe har vore svært aktiv i Frelsesarmeen.
 
Aktive i Frelsesarmeen
- Eg var aktiv frå eg var liten, men då eg var 19 år flytta eg til Oslo for å utdanne meg til offiser i Frelsesarmeen. Heldigvis! For her traff eg Ann Merethe, som og utdanna seg til offiser. I 1983 var me ferdig utdanna. Me gifta oss og flytta til Island. Her var me offiserar i Frelsesarmeen i totalt nesten 20 år. Me var aktive i menighetsarbeid, barne- og ungdomsarbeid og sosialt arbeid.
 
Etter kvart utdanna Ann Merethe seg til sjukepleiar i voksen alder. Elli arbeidde ei stund med å undervise funksjonshemma. Då dei flytta til Kvinnherad tok Ann Merethe til å jobbe på Rosendalstunet, og seinare Husnes Helsesenter, der ho jobbar i dag.
 
Ei heilt spesiell jul
- No er det snart jul, og me gleder oss til det. Jul feires nokså likt på Island og i Norge. Hovudingrediensane er mat, gåver og hygge saman med familien. 1. juledag et nesten alle på Island noko dei kallar “hangikjöt”, røykt lammekjøt med kvitsaus og poteter attåt. Julafta et nokon svinekjøt, rype eller kalkun. Elli kunne gjerne tenkt seg å ha pinnekjøt på julafta, men har ikkje lukkast å få fleirtal for det i familien enno…
 
Elles blir dette ei heilt spesiell jul for Elli og Ann Merethe. Dei skal nemleg feire jula saman med son, svigerdotter og den nyfødte jenta deira. Det var ei stor oppleving å bli besteforeldre for første gong for nokre månadar sidan. Nå skal me feire jul saman, og 1. juledag vert det dåp i Kvinnherad kyrkje.

Tilbake