Felles kyrkjekontor for heile kommunen


Kvinnherad Kyrkjelege Fellesråd vedtok 19. mars å byggja felles kyrkjekontor for heile kommunen og at kontoret skal byggjast ved sida av Valen kyrkje.
 
Målet er at det nye kontoret skal vera klart til bruk i løpet av våren 2016.

Felles kyrkjekontor for heile kommunen
Det var stor semje i Fellesrådet om at det utvilsamt er mange fordeler med eit felles kontor, men det var delte meiningar om det skulle vera på Valen eller ein annan stad i kommunen. Ved handsaming av saka viste representantane storsinn og vilje til samhald når forslaget om felles kontor på Valen vart samrøystes vedteke.

Det som kanskje var avgjerande i eit samrøystes vedtak var at representantane såg at dette ikkje ville svekke arbeidet til kyrkja andre stadar i kommunen. I vedtaket er det presisert at på Rådhuset i Rosendal skal det vera kontor som prest og andre tilsette kan disponera til å arbeida i, avtala møter m.m. I Eid kyrkje har det allereie vorte innreia eit kontor for presten der han kan avtala å møta folk til samtalar. I dei fleste kyrkjene i kommunen er det gode høve for presten å møta folk til samtalar og prestane er veldig mobile og gjer avtaler med folk i nærleiken av der dei bur.

I midten av mai vart bygging av nytt kyrkjekontor sett ut på anbod med frist til 31. august. Når alle formalitetar er på plass kan vi rekna med å byrja å byggja til hausten og flytte inn i nye kontor før ferien 2016.

Med eitt felles kyrkjekontor er eg overtydd om at vi oppnår mange fordeler, ikkje minst er det viktig med eit nært og godt fagleg fellesskap. Dette vil òg gjera all planlegging av dei ting som skal skje i kyrkjene våre mykje enklare. Eit felles kyrkjekontor vil òg gjera oss meir tilgjengelege for dei som vil få tak i oss. I staden for å ha kontoret ope to dagar i veka, berre nokre timar av gongen, kan vi tilby “meir normal” opningstid.

På sikt vil endringa òg føra til reduserte kostnader knytta til administrasjonen som frigjer midlar til m.a. vedlikehald 
av kyrkjene

Tilbake