Eit liv i truskap og teneste - Eit møte med Hans Isdal


Ein svart, smartbil svingar inn til kyrkja på Eid! Ein gråsprengt, «uforskamma» sprek 88-åring, stig ut av bilen! 
 
Eit nyleg lårhalsbrot ser ikkje ut til å ha stansa Hans Isdal på nokon måte! «Dette er nesten som eksamen», seier Hans i det vi går inn i kyrkja. Og ja, vi lovar at det skal det bli!!

Vi tek plass i sakristiet, og i god eksamensånd er det éin som spør, (gamle kyrkjeverjen), og éin som observerar og noterar (kona til gamleverjen).

 - For å starte med slutten; Kva var den siste tenesteoppgåva di Hans?
Det var som tekstlesar i kyrkja. Eg slutta for 2 år sidan, etter 32 år og 4 prestar.

Første spørsmål bestått. Og vi vil legge til at dei som har hatt sin plass i Eid kyrkje desse åra, truleg vil kunne bekrefte at det har gitt sjelefred å lytte til Hans lese frå Skrift.

- Men dette var vel kanskje ikkje den einaste tenesta di?
Her slit «kandidaten» med å svare direkte på spørsmålet. Han må få fortalt om korleis det starta! At han var komen på avstand frå Gud i ungdomen, at han vart  gift med si Klara, om predikant Magne Åsen som i -51 vart ståande i vekkjing på øya, (i Zoar), og at Lukas kapittel 14 og forteljinga om den bortkomne sonen  vart kallet hans til tru og teneste!

Magne Åsen starta musikklag under vekkjinga. Denne oppgåva gav han til meg då han reiste, og den hadde eg i 18 år, til Gudmund kom og tok over i -69, fortel Hans. - Ja og så hadde vi jo «Kvartetten». Vi var mykje ute og song. I 1958 vart det ei endå meir omfattande vekkjing, både i kyrkja på Eid (Bjarne Eide) og i Sætre bedehus. Då vart «Halsnøybrørne» starta, og dei fekk eg leia heilt fram til 2006. Det var ei rik tid.

Vi kan sjå i andletet at minna er levande enno.

Kan eg berre få ta med at vi øvde ei tid i salen på Bjelland-fabrikken. Der hadde vi med nokre jenter som spelte akkordar til songane, og så hadde vi mat. Det var den beste tida i livet mitt!

Vi kan sjå at han meiner det.

- Kva med søndagsskulen?
Ja, eg må særleg nemna det gode leiarfellesskapet eg opplevde gjennom 45 år i søndagsskulen. Det vart svært viktig for meg.

For oss som er i den første pensjonsalder, går åra og oppgåvene litt i surr, men for Hans er det klart som dagen, og eventuelle eksamensnervar er tydelig over.

-Kva var det som gjorde at du tok på deg alt dette?
Eg vart utfordra av M. Åsen. Og så hadde eg interessa heilt frå barndommen der mor song for meg. «Jeg løfter opp til Gud min sang», har vore min hovudsong gjennom livet. Interessa for song og musikk har nok vore ei hovuddrivkraft i alt eg har vore med på. Og så er eg så takksam for at eg har vore halden verdig til å ha ei teneste i Guds rike. Eg vonar berre at ikkje alt «brenn opp».

- Du har vore i leiinga på Sætre bedehus og i soknerådet?
Ja, det blei 12 år i styret, og 12 år i soknerådet.

Dette var visst eit lett spørsmål.

Apropos sokneråd; eg hugsar at vi var 3-4 menn som hadde bibelkurs for 11-åringar, der dei brukte (og fekk) «Godt nytt», og så avslutta vi økta med ballspel. 4 konfirmantweekendar på Brandøy fekk eg også gleda av å vere med på (84-88).

- Du har levd eit langt liv, og vore ein sentral mann i arbeidet. Ser du klare endringar?
Ja, det må eg seie. Då eg var ung gjekk «alle» på bedehuset. Også i kyrkja har det minka. Men derfor er det ekstra gildt når det er familie-gudsteneste, og dei kjem med borna sine, slik som det skal vere!

- Har du nokre råd til dei som har ansvar i kyrkja i dag?
Dei har jo prøvd alt mulig, men det har ikkje ført fram. Så det må vere det å halde fram med å forkynne «det gamle evangeliet». Det var det som frelste far og mor. Før var det forresten berre Frelsesarméen som lea på seg når dei song. No gjer alle det, og sånn må det vere. Det må vi ikkje reagere på! Elles syns eg det er viktig å ikkje tenkje at det er noko motsetning mellom bedehus og kyrkje. Og eg er glad for at vi har hatt evangelisk rette prestar.

- Trua har vore viktig for deg. Har du kjent på tvil nokon gong?
Ja, det vart så gale for ikkje mange år sidan, at eg tenkte at slik kan eg ikkje ha det. Då var det ei kvinne som ga meg rådet: Takk Gud for alt du berre kan kome på! Det hjalp, og etterpå har eg hatt det godt.

- Du har levd eit liv i truskap mot kallet Gud ga deg. Men kva har vore yrket ditt?
Eg starta som kokk på brislingfiske i -39, som 12-åring.Og tenk, eg fekk 356 kroner på ein sommar! Det var mykje pengar på den tida!

Han fortel vidare om 10 år snurpefiske og 3 år Islandsfiske, og 10 år på Stord Verft, før han slo seg til ro med arbeid som vaktmeister på Øyatun, Hauge, Tofte og Sætre skule i 28 år, fram til -94, og nådd pensjonsalder. Ved desse skulane underviste han også i sjømannskap og motorlære, og i 10 av desse åra underviste han 4. kl frå alle skulane i Fjelberg og Eid i song og musikk. Og vi syns vi bør presisere at Hans er det vi på fint kallar «autodidakt» - sjølvlært - i alt han har gjort. Vi har alltid hatt respekt for denne mannen, men den har så avgjort auka i løpet av intervjuet!

- Du vart fødd på Halsnøy, eller...?
Nei eg vart fødd på Borgundøy 1. juli -27. Mor var derifrå, men far var frå Halsnøy.

Greit med spørsmål som krev korte svar.

-Ville du valgt same engasjementet som du har hatt, om du skulle få høve til å velje på nytt?
Ja, det trur eg. Svaret kjem kortfatta men ettertenksomt, og det blir ståande.

- Du har drive både med menneskefisking og fisking i havet. Kva tankar gjer du deg rundt det?
Eg skulle ynskje eg hadde vore meir frimodig når det gjeld å vitne om Jesus. For eg trur frimod er smittsomt. Vi kjenner på eit møte med ein som har lagt lista høgt.

- Det kan vel ha røynt på av og til, med masse frivillig arbeid ved sida av stor familie og betalt arbeid?
Ja, eg har mykje å takke Klara, kona mi, for. Ho har trufast tatt seg av heimen og vore ei eineståande «kåna». Vi har blitt velsigna med 7 barn, 19 barnebarn og 27 oldebarn.

- Er det noko du vil seie til slutt?
Ja, det må vere at eg ynskjer på ingen måte at det eg har sagt må bli til ære for meg sjølv!

Og vi trur han på det! Vi sit igjen mykje rikare enn vi var før vi møtte Hans Isdal i dag. Det har vore eit møte med ein livsfrisk og hjartevarm kyrkje- og bedehusmann, med eit sterkt fokus på tru og truskap. Og vi må berre ta det med på tampen: Hans syng framleis i Halsnøyrøstene, «still going strong».

Dette gjekk jo bra det! Eg var litt redd for at eg ikkje hadde lese nok pensum då eg kom i dag...

Hans smiler sitt gode smil. Vi ser det, sjølvlærde folk treng ikkje pensum. Og igjen, vi er imponert over kor mykje liv som er fylt inn i alle dei 88 åra! Må Gud velsigne Hans i dagane og åra som måtte koma!

Marit Lindekleiv

Tilbake