Ny sokneprest i Husnes og Holmedal sokn


13. mai vart sjømannsprest Reidar Ådnanes tilsett som sokneprest i Husnes og Holmedal sokn. 
 
Han har takka ja til stillinga, men ettersom kyrkja i Spania har eit ynskje om å behalda han ei stund til, tek han til i stillinga først til sommaren 2016. Her kjem ei lita helsing frå “nye-presten” vår.

Eg er oppvaksen på Bømlo, på eit lite småbruk saman med mor, bror og besteforeldre. Eg tenkjer på det no som ein oppvekst i enkle men trygge kår, mykje omsorg og eit liv tett på jord og sjø. Eg fekk høve til å ta utdanning, gjekk på gymnas på Stord, vidare til folkehøgskule i Telemark, og så teologistudier i Oslo. Eg studerte mest fordi eg syns faget var spennande, eg hadde eigentleg ikkje klåre planar om å bli prest. I løpet av studiet hadde eg nokre vikariat i Sjømannskyrkjer rundt om i verda. Då eg var ferdig på Menighetsfakultetet fekk eg ei oppmoding om å søkje kateketstilling på Stord. Og me flytta til Stord, og bygde etter kvart hus på heimegarden til kona mi som er frå Valvatne. Kateket var eg i ca 9 år.

I 1991 var Nysæter kyrkje ferdig og ein ny prestestilling vart oppretta. Eg søkte og fekk den  og slik vart det at det tilsaman vart ca 25 år på Stord. Nokre avbrekk som sokneprest i Sveio og eit engasjement hos Biskopen, men den lengste prestetenesta hadde eg på Stord. Etter at dei to gutane våre var flytta ut kom høvet til å reise ut i Sjømanns-kyrkja. Og me har no vore 8 1/2 år i Spania på 3 ulike kyrkjer her.  Det har vore ei spennande og  lærerik teneste både for meg og for kona mi Marta Kristin, som er diakon. Tanken på å søkje seg attende til Norge kjem av ulike grunnar, det har og noko med reglar for kor lenge det er lurt å vera ute før ein fell ut av norsk trygdesystem. Og det har sjølv-sagt personlege grunnar, huset vårt, familien vår og vener ventar på oss heime. Husnes er nært nok til at eg kan ha ein base på Stord. Og eg gler meg til å bli meir kjent med dei ulike og særprega  bygdelaga i Kvinnherad.

 

Tilbake