Trusopplæring


I 2012 fekk Sunnhordland prosti tildelt statlege midlar gjennom trusopplæringsreformen.
 
August same året vart Berta Haugland tilsett som Kyrkjelydspedagog. Ho vart einingsleiar for trusopplæringa i Kvinnherad.

Visjonen for trusopplæringa i Kvinnherad vart "Ei levande kyrkje - i Kvinnherad". Noko som kjenneteiknar det som er levande, er at det er i beveging og aktivitet. Og er det ikkje nettopp dette som kjenneteiknar born og unge: Beveging og aktivitet.

Mykje skal utforskast og mykje skal prøvast. Trusopplæringa i Kvinnherad ynskjer å koma med tiltak som born og unge kan ta aktivt del i, og på det viset setja trua i beveging. Slik kan trusopplæringa vera med å skapa ei levande kyrkje - i Kvinnherad.


Tilbake