Internasjonal musikkfestival


Fellesrådet og kantor Eva Megyesi dreg i gong INTERNASJONAL MUSIKKFESTIVAL i Kvinnherad.
 
Det vil verta 12 flotte konsertar i dei 12 kyrkjene våre i tida framover. Festivalen har då og fått namnet «12 kyrkjer - internasjonal musikkfestival». Hovudvekta vert på orgelmusikk, men det vert og m.a. korsong og korpsmusikk å høyra.

Her er ein oversikt over konsertane i haust:

Torsdag 29. oktober kl. 19.00 - KVINNHERAD KYRKJE
ROSENDAL SONGLAG saman med kantor EVA MEGYESI og organist PAWEL CABALA frå Odda.
Mange vakre klangar får me høyre denne kvelden. Koret skal synge fleire ulike songar- både jazz, religiøse og sekulære songar. Det vert og mykje vakker orgelmusikk, og Eva og Pawel skal m.a. spele 4-hendig på orgelet.

Torsdag 5. november kl. 19.00 – VALEN KYRKJE
ORGELKONSERT med den velkjente organisten, dirigenten og professoren på Krakow Musikk Universitetet, WACLAV GOLONKA.

Torsdag 12. november kl. 19.00 - HUSNES KYRKJE
HUSNES MUSIKKLAG saman med kantor EVA MEGYESI.
Mykje god musikk denne kvelden. Kantoren og musikklaget spelar kvar for seg, men det vert også fellesnummer der dei spelar ilag.

Torsdag 19. november kl. 19.00 - USKEDAL KYRKJE
ORGELKONSERT med organist, professor og doktor FELICIAN ROSCA frå Timisoara Musikk-Universitet i Romania. Dette vert ein veldig interessant kveld med gamal orgelmusikk frå det 14.- og 15 århundre.

Tilbake