Fungerande sokneprest i Husnes og Holmedal sokn


Prostiprest Jørgen Knudsen, ny sokneprest Reidar Ådnanes og prostiprest Pål Dale.

 
Det er no fastsett at ny sokneprest i Husnes og Holmedal sokn, Reidar Ådnanes, vert innsett ved gudstenesta i Husnes kyrkje sundag 29.05.16.

Før ny sokneprest er på plass vil prostiprest Jørgen Knudsen, Tysnes, vera fungerande sokneprest i Husnes og Holmedal sokn frå 12.10.15. Knudsen har allereie vore med på enkelte møter og tiltak. Som fungerande sokneprest møter Knudsen i Husnes og Holmedal sokneråd. Han vil og regelmessig vera til stades på kyrkjekontoret og ta del i stabsmøter og andre aktuelle samlingar. Prostiprest Knudsen vil og i denne perioden gjera presteteneste andre stader i prostiet.
 
Prostiprest Pål Dale vil framleis gjera presteteneste i Husnes og Holmedal sokn.

Tilbake