Jf. lov av 7.juni 1996 nr. 32 om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravplasslova) § 21 (1) , § 8 (1) og § 14 (1) og forskrift til lov om gravplassar, kremasjon og gravferd av 10. januar 1997 nr. 16 (gravplassforskrifta) § 15a (4), jf. gravplasslova § 14 (1) og § 21 (1).
Vedtatt av Kvinnherad kyrkjelege fellesråd 7. mars 2022
Godkjent av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
§ 1 FORVALTNING
Gravplassane i Kvinnherad kommune er underlagt Kvinnherad kyrkjelege fellesråd administrasjons- og myndigheitsområde.
§ 2. DEFINISJONAR
Gravplassmyndigheit: Kvinnherad kyrkjeleg fellesråd under utøving av forvaltningsansvaret sitt for gravplassane i Kvinnherad kommune, jf. gravplasslova med forskrifter.
Fri grav: Grav som gravplassmyndigheita har tildelt ein avdød person frå kommunen, og som det ikkje blir betalt festeavgift for i fredingstida.
Festa grav: Grav som det er inngått eller fornya festeavtale for, jf. gravplasslova § 14.
Festa gravstad: Fleire kistegraver som er festa saman.
Ordinær urnegrav: Grav til oskeurne med plass til fleire urner, jf. gravplassforskrifta § 14.
Urnegrav i minnelund: Grav til oskeurne i minnelund med plass til éi urne.
Kistegrav: Grav som stettar forskrifta sine krav til storleik for gravlegging av kister. I ei kistegrav kan det også gravleggjast urner.
Fredingstid: Tidsrom frå siste gravlegging til grava kan takast i bruk igjen til ny gravlegging.
Festetid: Tida det er avtala å feste ei grav for.
Ansvarleg for grav: Den som er ansvarleg for ei fri grav.
Festar: Den som står som part i ein festeavtale.
Anonym minnelund: Gravfelt for anonyme graver. Feltet kan ha eit felles minnesmerke utan opplysningar om kven som er gravlagt.
Namna minnelund: Gravfelt med felles minnesmerke med namn og data på dei som er gravlagde der.
§ 3. FERDSEL PÅ GRAVPLASSANE
Besøkande skal om mogeleg ferdast gåande, jf. gravplassforskrifta § 9 (2). Gravplassmyndigheita kan etter søknad gi løyve til å køyre ved dokumentert sjukdom/forflyttingshemming. All køyring skal skje særleg omsynsfullt.
§ 4. GRAVPLASSTILHØYRSLE
Avdøde personar i kommunen skal som hovudregel gravleggjast på den gravplassen dei soknar til.
Dei har rett til fri grav så framt grava er tilvist.
Avdøde personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet, kan bli medrekna på same måte som kommunens eigne innbyggjarar, og har rett til fri grav så framt grava er tilvist.
Avdøde personar frå andre kommunar kan bli gravlagt i kommunen mot at kostnadane ved gravferda og avgift som ved feste av grav blir betalt.
§ 5. FREDINGSTID
Fredingstid for kistegraver er 30 år.
Fredingstid for urnegraver er 30 år.
Gravplassmyndigheita kan vedta lengre fredingstid for enkelte graver.
§ 6. FESTE AV GRAV MED MEIR
Når kistegrav skal takast i bruk er det høve til å feste ei grav ved sida av, og etter søknad til gravplassmyndigheita; for ei ekstra grav i tillegg når behovet tilseier det. Desse gravene utgjer då éin gravstad.
Når festetida/fredingstida er ute, kan grava/gravstaden bli festa for nye 10 år. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje bli fornya utan etter særleg samtykkje frå gravplassmyndigheita.
I god tid før festetida er ute skal festaren bli varsla. Er ikkje festet blitt fornya innan seks månader etter forfall, fell grava eller gravstaden tilbake til gravplassen.
Innbetalt festeavgift blir berre betalt tilbake dersom tilbakebetaling følgjer av bindande rettsreglar eller det ligg føre særlege grunnar.
Ingen kan bli gravlagt i festa grav/gravstad utan festaren sitt samtykkje. Dersom det ikkje er råd å hente inn samtykkje frå den ansvarlege eller festaren til bruk av grav, kan gravplassmyndigheita ta avgjersle om gravlegging.
Festar pliktar å melde adresseendring.
§ 7. GRAV OG GRAVMINNE
Ved opning av grav kan jord bli lagt på omkringliggande graver og gravutstyr kan mellombels bli flytta. Gravplassmyndigheita sørgjer for istandsetting igjen, og vil også sjå til at grava blir planert og tilsådd med gras etter gravlegging. Montering av gravminne kan først skje etter at gravplassmyndigheita har godkjent gravminnet og merka staden der det skal stå. Det kan ikkje bli sett opp tidlegare enn 6 månader etter gravlegging av kiste. Gravminne på urnegrav kan bli sett opp med ein gong etter urnenedsetting. Så lenge ein ventar på gravminne sørgjer gravplassmyndigheita for eit merke med avdøde sitt namn på.
På nyfesta gravstad skal gravminnet plasserast i bakkant av den grava som er tatt i bruk, og kan bli sentrert på gravstaden etter neste gravlegging.
§ 8. PLANTEFELT
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgde med bakken omkring. Det må ikkje vere breiare enn gravminnet si breidde, men kan i alle tilfelle vere opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lengre fram enn 60 cm, målt frå gravminnet sin bakkant. Det kan ikkje plantast vekstar som overstig gravminnet si høgd eller går utover plantefeltet.
Det er ikkje høve til å bruke faste dekorgjenstandar som blomsterurner, lykter mv. i plantefeltet. Det er høve til å tenne stearinlys og oljelampe på grava, så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern. Stearinlys, oljelamper og andre lause dekorgjenstandar skal fjernast etter bruk.
Det er høve til å ramme inn plantefeltet med ein delt steinkant eller bedplate som fluktar med terrenget.
Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.
Det er ikkje høve til å ramme inn grava med hekk eller døde materiale.
§ 9. PLANTEMATERIALE
Planter, kransar og liknande materiale som blir nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, skal fullt ut vere kompostérbare.
§ 10. STELL AV GRAV
Kvar ansvarleg for fri grav eller gravfestar har rett og plikt til å stelle den grava vedkomande har ansvaret for. Plantefelt som ikkje blir tilplanta eller stelt skal såast til av den ansvarlege eller bli sådd til av gravplassmyndigheita.
Ansvarleg for grav eller festar pliktar å halde gravminnet sikra og i forsvarleg stand.
Ansvarleg for grav eller festar kan gjere avtale om at den som får løyve til det etter § 13, kan utføre planting og stell av grav (, samt montering, sikring og vedlikehald av gravminnet). Ein slik avtale fritek ikkje den ansvarlege eller festar frå det ansvaret dei har etter reglane som til ei kvar tid gjeld.
§ 11. NAMNA MINNELUND
Ved gravlegging i namna minnelund skal namn og data til avdøde førast på ei namneplate på felles minnesmerke.
Ved gravlegging i namna minnelund skal det betalast ein eingongssum for namneplate, del av minnesmerke og stell av minnelunden. Denne summen varer ut fredingstida som er lik andre graver på gravplassen.
Graver i namna minnelund kan bli festa, ved sida av grav som vert teken i bruk, på lik linje, og på same vilkår, som andre graver på gravplassen. Ved bruk av urnegrav nummer 2 vil det då bli laga ei ny namneplate med begge namn som vil erstatta den fyrste.
Det kan tennast lys eller bli lagt ned blomar ved minnesmerket. Dette må skje på tilvist plass og ikkje der den einskilde urne er plassert. Lys og blomar kan etter ei tid bli fjerna dersom dette ikkje vert gjort av pårørande. Det er ikkje høve til å plante eller etablere private gravminne på området.
Graver i namna minnelund kan bli festa etter fredingstidas utløp på lik linje med andre graver på gravplassen. Det vil likevel ikkje vere høve til å gravleggje på nytt i grava.
Det kan etter søknad bli sett opp namneplate for personar som er omkomme på havet, i krigen, eller liknaden og som ikkje er gravlagt på gravplassen, jf. Gravplassforskrifta § 21 (1).
§ 12. BÅREROM
Bårerom blir disponert av gravplassmyndigheita, og skal berre nyttast til oppbevaring av døde i tida fram til gravferda. Ingen har tilgang utan etter løyve. Liksyning kan berre finne stad etter samtykke frå den som står for gravferda, og vedkjem ikkje dei tilsette.
§ 13. NÆRINGSVERKSEMD
Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på gravplassen skal hente inn løyve frå gravplassmyndigheita. Løyvet kan kallast tilbake dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld.
Slik verksemd kan berre omfatte montering, sikring og vedlikehald av gravminne og tilplanting og stell av graver.
§ 14. ARBEID PÅ GRAVPLASSANE
Anleggs- og vedlikehaldsarbeid skal skje ved dagsljos, og ikkje etter klokka 21.00, Det må ikkje utførast på søndagar, heilagdagar eller offentlege høgtidsdagar. Ikkje noko arbeid på gravplassen må vere til sjenanse for seremoniar eller rituelle handlingar på gravplass eller i bygning på gravplass. Næringsdrivande kan berre køyre på gravplassen i den grad det er nødvendig for å utføre arbeidet. Slik køyring skal skje ekstra omsynsfullt.
§ 15. DISPENSASJON FRÅ VEDTEKTENE
Gravplassmyndigheita kan i særlege tilfelle og innanfor ramma av gravplasslov og gjeldande forskrifter fråvike §§ 3,4,6,7,8,9,11 og 14 i vedtektene.
§ 16. IKRAFTSETJING OG OPPHEVING AV ELDRE VEDTEKTER
Denne forskrift om gravplassvedtekter trer i kraft frå 01.07.2022. Frå same tid blir andre vedtekter for gravplassane i Kvinnherad kommune oppheva.