Det er stille i kyrkjerommet. Alle blikk er retta mot kista som er vakkert pynta, men likevel så naken.
Bukettar og kransar ber sterke kjensler frå dei sørgjande: Takk for alt. Umisteleg. På gjensyn.
Døden kan vere vanskeleg å gripe. Å miste er tungt å ta inn over seg. Gravferda gjer døden og avskilet meir konkret. Å samlast om kista til takk og avskil er ein stoppestad på vegen gjennom sorga.
Mange kjenner seg hjulpne av dei kjende rammene gravferdsgudstenesta gjev. Gravferda er dei næraste si avskil med den døde.
VED DØDSFALL:
Ta kontakt med Kyrkjekontoret v/
Ingrid Sundal (Tlf. 90 77 61 49) eller
Torstein Aarthun (Tlf. 95 12 49 64),og evt. eit
gravferdsbyrå.