Eid kyrkje før restaurering i 1951


Eid kyrkje vart bygd på ei gamal kyrkjetuft, truleg etter ein kyrkjebrann i 1824.

 

Det var den kjente kyrkjebyggjaren Lars Bastiansson frå Eikanger som stod som meister for bygginga. Han kom frå Kvinnherad til Halsnøy.

Kyrkja har truleg vorte restaurert tidligare og i 1951 skulle kyrkja byggjast tilbake til slik ho var i utgangspunktet, i den gamle byggjestilen. Galleriet langs eine kyrkjeveggen blei demontert og tatt vekk. Vindauga i kyrkjeskipet på austsida blei tatt bort og tømmeret bygd i slik du ser det i kyrkja i dag. Det blei montert nye benker med portar. Det heile vart måla og dekorert av ein kyrkjemålar frå Røssland i Kvinnherad. Tavla der ein heng opp nummerskilt for salmane som blir nytta i gudstenesta, blei flytta. Våpenhuset blei bygd om med nye inngongsdører. Den heller store runde ovnen som var plassert midt i kyrkja blei demontert og erstatta med elektriske ovnar. Oljelampane blei også bytta ut med elektrisk lys som kom til Halsnøy omlag på denne tida. I tillegg til dette vart det nok utført nødvendig vedlikehaldsarbeid på sjølve kyrkjebygget og noko innvendig målararbeid på benker og sidekledning.

Bileta viser kyrkjebygget med dei store vindaugo mot aust, galleriet langs veggen og den store omnen på plass mitt på golvet.

Eg var med i det siste konfirmantkullet som blei konfirmert i den gamle kyrkja den 14. oktober 1951, og den siste gravferda var for far min, Georg Eide. Han døydde 16. oktober 1951 og vart gravlagt nokre dagar seinare.

Prestane som har tenestegjort og er med på biletet, har eg ikkje årstal eller oversikt for. Men dette kan truleg finnast i gamle kyrkjebøker.
Dei seier at Lars Bastiansson blei veldig fascinert av skipsbygginga som gjekk føre seg på øyane her, og då kyrkja var ferdig, gjekk han over til skipsbygging. Han var med andre og bygde sjølv fleire skuter på «Skipabakken» i skiftet mellom gardane Eide og Sjo på nordsida av øya.

Historien byggjer på det kjeldematerialet eg rår over og har kjennskap til.

Høylandsbygd, den 19. mai 2015

Johannes G. Eide
 

Tilbake