Ny einingsleiar for trusopplæring


I 2012 fekk Sunnhordland prosti tildelt statlege midlar gjennom trusopplæringsreformen. August same året vart Berta Haugland tilsett som Kyrkjelydspedagog. Ho vart einingsleiar for trusopplæringa i Kvinnherad, og har hatt hovudansvaret for utarbeidinga av den lokale trusopplæringsplanen «Ei levande kyrkje – i Kvinnherad».

 

Frå i haust held Berta fram med trusopplæring i kyrkja i 20 %, men har gått attende til læraryrket. Dermed måtte ein ut på leit etter ny einingsleiar, og på søkjarlista stod m.a. Kristine Hestad (42) frå Seimsfoss.

Kristine fekk tilbod om jobben, og etter nokre rundar med mannen Georg og borna fekk ho full støtte på at dette skulle ho prøve.
- Eg kjenner jo Berta og hadde fått ein del kjennskap til kva jobben går ut på. Når eg har sett på Berta, så har eg tenkt at det måtte vera ein kjekk jobb å ha.

Heilt frå ho kom til Kvinnherad i 1997, har Kristine jobba på HARDING på Seimsfoss, dei siste åra som senior-ingeniør på teknisk avdeling.
- Eg kjem frå Sotra og det var jobben på HARDING som førte meg her til kommunen. Etter ei stund oppdaga Georg meg... I dag er me gift og har tre jenter og ein gut saman.

Kristine har vakse opp i ein heim som har teke imot fleire fosterbarn. Det har vore meiningsfullt å få vera med på å gi ein god heim til nokon som ikkje hadde det i utgangspunktet.
- Eg har ein bror, og så vart det slik at ei av dei som har vokse opp hos oss i fosterheim ville adopterast, så no har eg ein bror og ei søster.

Heime på Sotra vart Kristine tidleg engasjert i kristent arbeid. Då ho vart tenåring vart det naturleg for ho å bli med som leiar i søndagsskulen.
- Etterkvart vart eg og med i styret, og leiar, for Nordre Fjell Ten Sing på Solsvik, nord på Sotra.

Dette var ei lærerik tid, med mange gode erfaringar å ta med seg vidare i livet.
- Heilt frå eg kom til Kvinnherad har eg vore med som leiar i sundagsskulen. Det låg meg veldig på hjarta. Eg opplever nok at eg har eit kall til å arbeida blant barna.

Dei siste åra har Kristine vore hovudleiar for sundags-skulen i Omvikdalen. Ho fekk og vera med og starta opp med Bu-heime-leir på skulen i Omvikdalen, eit arrangement som har blitt ein stor suksess sidan starten i 2001. 15.-17. januar har dei planar om ny leir.

Er det nokon gleder, og kanskje utfordringar, du vil trekke fram frå det å vera einingsleiar for trusopplæringa i Kvinnherad?
- Til no har eg berre vore med på nokre BabysongCafe-samlingar og samlingar for 4- og 6-åringar. Men eg synes det er så kjekt å treffe dei som kjem på desse samlingane. Det er veldig gøy når dei kjem inn døra. Eg kjenner det kitlar i magen, og eg gler med over å helse både på store og små. Dei har jo prioritert å komme, og kanskje har nokon måtta sagt nei til noko anna for å få det med seg, og då synes eg det er flott at dei kjem. Det er så mange nydelege, kjekke og positive små folk!

Av utfordringar må det jo vera det at det ikkje lar seg gjera å ha alle tilbud på alle plasser. Likevel ønsker me jo at alle skal få kjennskap til si eiga kyrkje. Ei utfordring ligg jo og i å få tak i nok frivillige medarbeidarar til dei ulike tiltaka.

No for tida går dagane i å planlegge dei 4 Lys vaken-samlingane som skal vera i november i Eid, Valen, Kvinnherad og Hatlestrand. Dette er samlingar, der ein m.a. overnattar i kyrkja, for dei som går i 5. klasse.

- Eg gler meg!!

JoF

Tilbake