KYRKJELYDENS KVINNEFORUM SATSAR ENNO EIN GONG!


«TANKAR I VEVEN». Etter mange oppfordringar inviterer me på nytt til Kyrkjelydens Kvinneforum  i Valen kyrkje torsdag 19.11 kl. 19.00 .

 

I april handla det om eventyr. Denne torsdagen kjem tekstilhandverkar og lærar Helga Skålnes med tema: «Tankar i veven». Mange opplevde kunstverka hennar i Galleri G Guddal i vår.

Helga Skålnes er tekstilhandverkar frå Åkra. Ho har masterutdanning innan kunst og handverk og design, med vev som spesialfelt. Ho har arbeidd som lærar i grunnskulen i 26 år. Ho vev bilteuttrykk i flavev, ofte med enkle og abstrakte motiv. Ho er oppteken av arven frå tidlegare tekstilhandverkarar samstundes som ho arbeider med å fornya tradisjonen. I samband med utstillinga i Galleri G. Guddal fortalde ho at ho var oppteken av å leita etter det vakre, lette og lyse og ved å skapa små forteljingar. Me ser fram til å høyra meir om desse forteljingane og hennar «Tankar i veven»

Kristine Hestad vil og delta med fløytespel.

«Tankar i veven» er fyrste høgdepunkt denne kvelden. Høgdepunkt nr to: heimelaga salatar og prat kvinner imellom. Høgdepunkt nr tre: ei stille vandring inn til liturgisk avslutning i kyrkjerommet.

Atter ein gong: VELKOMEN TIL KVINNER I ALLE ALDRE OG FASONGAR !!!

For Kyrkjelydens kvinneforum
Liv Slettemark

Tilbake