SAMAN I KYRKJA VALEN = SIKVAL


SIKVAL bør opplevast! Og alle er velkomne til det - så langt plassen tillet...

 

Organisten er tidleg ute, for i dag leikar ho journalist. Eg tar ein liten svipp innom kjøkenet, og gløymer heilt å gå hoveddøra, der Jan Ove prest står klar med opne armar og ynskjer velkomen! I staden blir eg møtt av 3 blide damer som er i ferd med å puste ut etter jobben.


Kva var vel Sikval utan damene på kjøkkenet? I allefall blei det ikkje mat! Pølser i brød og heimelaga swissrull med krem og kaffi, står på menyen i dag. Eg hiv meg like godt på eit mini-intervju, og lurer på korleis det er å vere kjøkendamer på Sikval? Medan ei tørkar sveitten, svarer dei to andre i kor at dette er meiningsfylt og kjekt! Takknemlig publikum som er rause med tilbakemeldingane, og variert meny forstår eg, gjer dette til ein unik «vinn-vinn»-situasjon. For ikkje å gå i vegen, berre bevegar eg meg vidare inn i Sjøsalen, der haustlege serviettar og blomar lyser opp.


Det er «stille før stormen», og Torolf Bondhus er første mann ut. Han må difor først i elden for å svare på kvifor han går på Sikval? Og det er ikkje tvil i det gode andletet; han slår fast at det er fordi han vil ha det kjekt! Men kva er det aller kjekkaste, lurer eg på? «Dei pleier å ha konkurransar. Ringspel er kjekt. Og så synge litt.» Med fare for å foregripe ein viktig programpost på Sikval, stiller eg kveldens store spørsmål: «Kor mange trur du kjem på Sikval i kveld?» Og Torolf er ikkje pessimist. «Cirka 80!» smiler han lurt, og eg hiv meg på neste ankomne...


Signe Reidun Lie (t.h.). Ho får dei same spørsmåla, og ho er også tydeleg på kvifor ho møter opp. «Det er fordi eg likar å høyre Guds ord, og å vere framme og dele Guds ord med dei andre, og vere forsongar av og til». Ho er litt meir moderat enn Torolf i tippinga, og landar på litt over 50. Vi får vente og sjå!


No blir det liv i Sjøsalen. Dei strøymer inn, både tjue og tretti, og Eirik Nordal (t.v.) blir neste «offer». Han tek det sporty, og gir uttrykk for at det er både kjekt og greitt å vere på Sikval. «Det er ikkje mange kommunar som har eit slikt tilbod!» Han er inne på noko vesentleg der. Og kanskje er det rett og slett maten som er det beste ? Litt usikker  på det, og antal? «Ikkje lett, men eg seier 75 då». Time will show!


Det osar av trivsel rundt omkring i ein etter kvart ganske fullsett sal. Leif Inge Heimvik (i midten) er ein «gammal travar», og må svare for kvifor han stadig møter opp. «Fordi det er mange folk der. Triveleg og sosialt. Utanom det er det maten og leikane som toppar lista. Og det kjem nok 76, trur Leif Inge!


Siste «intervju-objekt» blir Ståle Mehl, og det er inga bombe at også han kjem fordi det er kjekt. Kunne i grunnen forstått det utan å spørre. Og den gode Ståle synes mimeleiken er toppen, og så set han pris på andakten på slutten. «Eg trur det kjem 65» slår Ståle fast!

Sikval er i gang, og Jan Ove er snart i full gang med å telje. 58 blir dagens tal, og den vakne lesar kan sjå at Ståle var nærast, og blir kåra til Kyrkjelydsbladet sin tippemeister i oktober 2015!

Men ein kan ikkje leike journalist på Sikval, og gløyme sjølve opphavsmannen til heile konseptet. Medan pølsene glir ned i dei ulike halsar, spør eg Jan Ove prest kor lenge han har halde på med dette? «Frå januar i 2003 - det skulle bli 12,5 år.» «Kva er drivkrafta?» spør eg. «Det er kjekt og meiningsfylt, fordi eg har fantastiske medarbeidarar, og masse kjekke folk møter trufast opp, år etter år. Eg blir rett og slett i godt humør av det!!»


Med tanke på at han har skifta «prestebeite», spør eg litt kva tankar han har rundt det og Sikval.» På sikt vonar eg at nokon kan overta, men eg tenkjer å fortsetje så lenge eg er prest i Fjelberg og Eid, då Sikval er eit tilbod til folk frå begge sider av Høylandssundet! Men eg ser gjerne at nokon «overlappar» meg!»

Måtte han «vare» i mange år framover! Han er definitivt eit funn i denne samanhengen! «Happy-birthday-songen» fylgjer for alle som har hatt bursdag sidan sist, ca 10 gonger i dag - og like stor stas kvar gong!


Kvelden vert, som alltid, avslutta med andakt og lystenning inne i «kyrkjeskipet». Ei stund fleire har uttrykt høyrer med til høgdepunkta.



M.L.

Tilbake