Kurs i LabOra


I desse dagar er dei tilsette i kyrkja i Kvinnherad samla på Rådhuset i Rosendal og vert kursa i nye datasystem.

 

Kåre Myraunet frå Agrando er kursholdar. Målet med det nye data-verktøyet er sjølvsagt å effektivisere administreringa, slik at ein kan bruke tida på andre ting. I den nye data-pakken ligg og ei heilt ny heimeside-løysing. Den nye heimesida vert publisert i byrjinga av desember. På sikt skal det m.a. vera mulig å melde seg på til konfirmasjon og andre arrangement, samt legge inn opplysningar og kome med ynskje om dato for både dåp og vigsel via heimesida.

 

Tilbake