"Trygg hjå Jesus". Ei helg med leik, felleskap, fart og spenning!
For ei super helg vi har hatt saman! 52 born, 8 hjelpeleiarar og over 20 vaksne har hatt det kjekt saman på Omvikdalen skule.
Alle på "Snikring" rekkjer opp handa. Seinare på dagen laga denne gjengen tøffe bilar.
Stolt ny-bil eigar.
Pizza-gjengen er klar til baking.
Vi syng til Jesus: "Å, du løfter meg opp. Du viser meg vei. Å, du er min konge. Du er min Far. Eg vil prisa deg med alt eg har"
Kan sitronar få små lyspærer til å lysa? Elektronikk gruppa jobba flittig.
Klatregruppa fekk boltra seg i klatreveggen i Uskedalen. Dyr og natur gruppa besøkte kalvar og henta egg. Hestegruppa fekk stella hestar, pussa saltøy og ta seg ein ridetur.
Formingsgruppa både malte og tova.
På leirfesten fekk vi pizza som Pizza-gjengen hadde laga, og verdens beste nybakte bollar frå Bolle-gruppa.
Takk til alle for ei strålande helg! Håpar å sjå både barn og vaksne igjen på søndagsskulen, i kyrkja og på neste Bu-heima leir!