Black Gospel på Husnes lørdag 12. mars


Angela Primm, Elsa Harris og Bømlo Gospel inviterer til Gospelfest!

 

Gladmelding til alle gospelmusikk-interesserte i Kvinnherad: Gospelsongarane Angela Primm frå Nashville og Elsa Harris frå Chicago, vil på sin 10 dagar lange turné i Norge også gje Kvinnheringane høve til ei skikkeleg swingande gospeloppleving!

Angela er primært gospelsongar, og har i mange år m.a vore sentral saman med Bill Gaither og hans «Homecoming friends». Ho er engasjert som lovsongsleiar i si lokale kyrkje, og jobbar dessutan som cruiseorganisator og event-arrangør.

Dei som har levd nokre 10-år, kan kanskje hugse at Jessy Dixon vitja Valen og Husnes saman med Elsa Harris. Sjeldan har pianoa her i bygdene fått kjørt seg som då! Desse to gjennomførte ca 500 konsertar i Norge frå 1978 til 2008.

Når «Bømlo Gospel» har hengt seg på Kvinnherad-besøket til desse to, ja, då MÅ det berre bli bra! Dei er eit ferskt men dyktig, livsfriskt og talrikt kor av unge, vaksne bømlingar. Talet skal vere ca 80 songarar + band!

Billettar kan kjøpast på førehand på nettet, på www.kulturhuset-husnes.no og på Biblioteket på Husnes. Det vert og sal av billettar ved inngangen konsertdagen frå kl 17.00. (BILLETTAR: Vaksne: kr. 200,- * Ungdom 13-18: kr. 50,- * 0-12 år: GRATIS)

Set av denne laurdag ettermiddagen til konsert på Kulturhuset på Husnes, og få ei oppleving av livsglede i rikt monn! For å sitera ein kjendis: HER BLIR DET LIV!!!

ARR: VIVA MUSIC I SAMARBEID MED SKJÆRGÅRDSSANG.

M.L.

Klikk på bildet her for å lesa om arrangementet på Facebook --->

Tilbake