Småbarnstreffet i Uskedal Bedehus


Småbarnstreffet i Uskedal Bedehus er eit svært godt tilbod til småbarnsforeldre.

 

Desse treffa er annankvar onsdag kl.10. Nelly Kjærland som er ei av dei som står i brodden for treffa, fortel at dei no har skifta veke.  Frå no vert det småbarnstreff på onsdagar i oddetalsveker.

Småbarnstreffet samlar småbarnsforeldre frå heile Kvinnherad, men siste tida har det vore få frå Uskedalen. Mange har gjeve uttrykk for at det er veldig kjekt med dette tilbodet der ein får treffa andre småbarnsforeldre til koseleg samvær og ulike aktivitetar.  Komande onsdag er leikedeig aktiviteten.

På biletet over ser vi mellom anna eit flott fottrykkbilete som vart laga våren 2014.  Her er det fottrykk frå dei som var med på dei fleste barneaktivitetane i bedehuset denne våren; - Hobbyklubben, Tårnagentane/Gullivergjengen, Små barnstreffet og nokre av Dei Kreative er med. Kvinnhrad Vekstbedrift AS har sydd det saman og montert det.  Det vart ferdig til 10 års-jubileet i Hobbyklubben før jul, og no heng det flotte og dekorative biletet på vegg i bedehuset. Tenk kor kjekt dette vert for barna etter kvart som dei veks til, og kan gå og studera eige fotavtrykk på biletet!  Ein god idè som har gjeve eit flott resultat!

De finn opplysningar om både småbarnstreffet og andre aktivitetar i bedehuset i Uskedalen HER (www.uskedalen.no)

Foto:  Nelly Kjærland
Tekstt: Thor Inge Døssland

Tilbake