Fastegudsteneste i Kvinnherad kyrkje


Lærte om vatn og faste

 

1. og 2. klassingar var inviterte til ei heilt spesiell gudsteneste i Kvinnherad kyrkje mandag 22. februar. Kirkens Nødhjelp og arbeidet deira var tema for gudstenesta som alle 1. og 2. klassingar frå Malmanger og Omvikdalen skule var inviterte til måndag kveld.

Bertha Haugland frå kyrkja fortalte om kor viktig vatn er for alt som lever, men at ikkje alle barn i verda har tilgang på reint vatn. Ungane stilte mange spørsmål og engasjerte seg. Sidan fekk dei vera med på ulike aktivitetar, dei teikna, tende ljos og pynta fastelavensris. Litt salmesong innimellom var det òg plass til, og dei ungane som hadde lyst, kunne få ta med seg ei innsamlingsbøsse for Kirkens Nødhjelp då dei gjekk heim. Haugland hadde med seg prest Kjetil Kringlebotten i leiinga av gudstenesta, samt Kristine Hestad, einingsleiar for trusopplæringa i kyrkja i Kvinnherad, som avslutta med nydeleg fløytespel i samspel med kantor Eva Megyesi.

Tekst og foto: Elisabeth Berg Hass (Kvinnheringen)

Tilbake