Konfirmantane i Kvinnherad kommune med innsamling til Kirkens Nødhjelp.
Tysdag før palmesøndag er dagen for innsamlinga til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Denne kvelden vil konfirmantane i dei ulike sokna i Kvinnherad kommune gå rundt med bøsser og samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. (På Åkra går dei måndag.)
Kirkens Nødhjelp driv både langsiktige prosjekt for ei betre framtid, og akutt naudhjelp for å berge liv og hjelpe folk som vert råka av katastrofer.
Årets aksjon heiter "I kriser er vatn kritisk". I fokus står Kirkens Nødhjelp sitt vannarbeid i katastrofar, og korleis klimaendringane skapar fleire og verre katastrofar. Pengane går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid over heile verda, og vil mellom anna bidra til at organisasjonen raskt kan stille med reint vatn når katastrofen rammar.
– Reint vatn reddar liv. Difor er vatn noko av det aller første Kirkens Nødhjelp stiller med i katastrofar. Støtta vår gjer at Kirkens Nødhjelp kan handle raskt og gjere ein best mogleg jobb
– Det siste året har Kirkens Nødhjelp gitt reint vatn til mellom anna flyktningar i Sør-Sudan, Syria, Nord-Irak og langs fluktrutene i Europa, tørkeramma i Etiopia, flaumoffer i Malawi og jordskjelvramma i Nepal. Pengane vi samlar inn i fasteaksjonen er enormt viktige for at vi skal klare dette arbeidet, seier generalsekretær Anne-Marie Helland i Kirkens Nødhjelp.
Konfirmantane kjem i kveldinga med plomberte bøsser som er tydeleg merka med Kirkens Nødhjelp og har ID-merke med namnet sitt på og nummer som samsvarar med nummeret på bøssa. Slik kan gjevarar sjå at dei har fullmakt til å samle inn til Kirkens Nødhjelp. Det har diverre hendt at nokon ukjende innsamlarar har gått rundt og samla inn pengar tidlegare på same dagen som konfirmantane gjekk. Så vær obs! på at bøssene er tydeleg merka med Kirkens Nødhjelp.
Ta godt imot bøsseberarane frå Kirkens Nødhjelp!
Helsing konfirmantlærarane i Kvinnherad kommune.