Gospelfest i Kulturhuset


Angela Primm laga "Black church" i kinosalen.

 

Gospelsongaren Angela Primm og pianisten Elsa Harris er i desse dagar på ein 10 dagars turne på Vestlandet, der dei opptrer saman med lokale kor i kyrkjer og ulike forsamlingshus. På laurdag var det i Kulturhuset Husnes dei var å treffa, og med seg på scena hadde dei Bømlo Gospel m/ band.

Første halvtimen var det bømlingane som gjennom songen sin formidla boskapen om Jesus til dei meir enn 200 frammøtte. Koret har ikkje halde på i meir enn ca eit og eit halvt år, men på den tida har dei rukke å bli 80-90 kormedlemar. Ca 50 av dei var med på turen til Husnes, og dei gav i alle fall underteikna gåsehud meir enn ein gong. Koret har mange gode solistar, og nokre av dei fekk dele sin stemmeprakt med oss som sat i salen.

Så entra Angela Primm og Elsa Harris scena. Med ei god blanding av humor og alvor formidla dei bakgrunnen for den svarte gospeltradisjonen og det som vert kalla negro spirituals. Musikken som vaks fram mellom dei afrikanske slavane i Amerika vart på ingen måte berre brukt til underhaldning. Den vart brukt til å prisa Gud, men og for å halde motet oppe i vanskelege tider. Ofte var og songane ein slags kode som formidla bodskap dei ikkje hadde lov til å fortelje rett fram. Det vart ei lærerik og gripande stund for oss som sat i salen. Både Angela og Elsa hadde god kontakt med publikum, og dei formidla intensitet og engasjement.

Siste del av konserten fekk me høyre Elsa, Angela og koret saman i fleire fellesnummer. Dette var ei oppleving som me håpar me kan få oppleva fleire gonger. Den legendariske "Lean on me" fekk avslutta det heile, der Angela Primm og Bømlo Gospel sin dirigent, Laila Hansen Røksund, song og dansa og viste bevegelsane til songen. Og publikum var ikkje seine med å reisa seg og vera med. Som ekstranummer fekk me med oss Velsignelsen, nydelig framført av Bømlo Gospel.

Mange av dei frammøtte gav uttrykk for at dette hadde vore ei fin stund. Det treng ikkje bli veldig lenge til me kan prøve å få til noko liknande igjen. Personleg vil eg og trekke fram to dyktige karar på lyd og lys; Jarand V Skarveland og Oddbjørn Kloster. Dei gjorde sitt til at me kunne sitte i kinosalen og ha ei kjensle av at me fekk vera med på noko som elles berre kan opplevast i dei store byane. Tusen takk til dei og! ;-)

Jan-Ove Fagerheim

Tilbake