Ny sokneprest i Husnes og Holmedal på plass.
Denne veka tok den nye soknepresten i Husnes og Holmedal sokn, Reidar Ådnanes, til i tenesta. Søndag 29. mai kl 11.00 vert det innsetjingsgudsteneste i Husnes kyrkje. Under gudstenesta vert prost Svein Arne Theodorsen og med. Dette vert ei felles gudsteneste for Husnes tenesteområde, så det er ikkje lagt opp gudsteneste verken i Fjelberg og Eid eller Uskedal sokn denne dagen. Vel møtt!