Valen Kyrkjelydslag 25 år!


Valen Kyrkjelydslag 25 år!


Søndag 20. oktober kl. 18.00 vert det konsert med John-Inge Rolfsnes i Valen kyrkje, i samband med Valen Kyrkjelydslag sitt jubileum.

Denne kvelden står kyrkjedøra på Valen vidåpen. Valen Kyrkjelydslag innbyr alle som vil, til å delta i markeringa av 25 år som Kyrkjelydslag! For historia byrja egentlig for 135 år sidan, då Valen Misjonsforening starta i 1884, og blei til Valen Indremisjon på 1920-talet og enda altså opp som Valen Kyrkjelydslag i 1994.

Konrad Teigen og Knut Teigen var viktige personar for å få dette arbeidet i gong, og haldt det ved like gjennom mange år. I 1973/74 tok Ove Tvedt over ansvaret, og har stått trufast som leiar fram til idag! Laget har enkelt fortalt stått for all misjonsaktivitet på Valen i desse 25 åra. Særleg har barne - og ungdomsarbeidet stått i fokus! Ei kvinneforening er knytt opp til laget, og står for den årlege basaren i kyrkja. Gjennom deira arbeid har det blitt samla inn kjærkomne midlar til NMS og IMS.

Jubileumsdagen kjem John-Inge Rolfsnes til Valen for å kaste litt “ungdommelig glans“ over feiringa. Han er ein habil songar og musikar frå Stord i slutten av 40-åra, som skriv det meste av tekstar og melodiar sjølv. Stilen er gjerne ikkje typisk for eldre misjonskvinner, men John-Inge har eit brennande Jesus-vitnemål som er vel verdt å få med seg, og nettopp hans stil gjer det verdt for eit ganske så breitt publikum å ta turen! Dessutan syng han det meste på ekte Stord-dialekt.

Velkomen til unge og eldre som vil gle seg saman med Valen Kyrkjelydslag denne dagen, og som seg hør og bør: Det blir eit godt festmåltid, med god tid til ein drøs, slik det nok alltid har vore rom for i lagsarbeidet opp gjennom åra.

Marit Lindekleiv

 

Her er nokre videoar der du kan få ein smakebit av John-Inge Rolfsnes sin musikk:





Tilbake