Kjære 4-åring!


Velkommen til kyrkja du som blir 4 år iår!

 

Kom på samling i kyrkja di!

Meld deg på HER  (pga eventuell smittesporing).

Vér snar! (Skulle det bli fullt opnar vi for påmelding til nye samlingar.)

Du blir invitert til å få 4-års boka. I kyrkjene våre har vi begrensa tal på sitteplassar for tida. Difor kan vi ikkje invitere alle til å få bok i ei gudsteneste, slik vi plar gjere om hausten i kyrkja. Alle som ønskjer skal få boka si likevel.

Vi samlast i kyrkjene i mindre grupper og følgjer smittevernreglane. I kyrkja får du høyre ei bibelforteljing, vi syng og leikar ilag, og kanskje kjem pappegøyen vår flygande innom. Ho likar å vera der det skjer kjekke ting. Ta med deg ein vaksen, kanskje ein fadder eller besteforeldre vil følgje deg, om mamma og pappa ikkje har tid.

Her er du velkommen:

Uskedal kyrkje: tysdag 27. oktober kl.1730 - AVLYST pga få påmeldte

Kvinnherad kyrkje: mandag 9. november kl.1730

Om du ikkje kan komme i di kyrkje eller vert sjuk og må halde deg heime, så kan du enten melda deg på i ei anna kyrkje eller ta kontakt med kyrkjekontoret (telefon.: 905 31 910 (ikkje SMS), mandag-torsdag kl.9-15) Boka di skal du få uansett!

Om du bur i Hatlestrand eller Ølve sokn har du allereie blitt invitert i kyrkja. I Ænes og Varaldsøy sokn tek sokneråda ansvar for utdeling av 4-års bok.

Trusopplæringa

Tilbake