I år, som så mange år før, inviterer ein til pinsefering inspirert av gamle tradisjonar i Åkra.
Det blir lagt opp til roing frå Fjæra med oppstart tidleg på morgonen. Her kan alle som ønsker å delta vera med. Om du ikkje har robåt sjølv har me ofte ledige plassar eller heilt ledige båtar. Ta kontakt så ordnar me det meste. Det er også absolutt lov å følge færingane utover med eigen båt med eller utan motor.
I Åkra vil det vera ein velkomstkomite som tek imot alle som kjem sjøvegen. På kaien blir det god tid til å få i seg mat av både det salte og søte slaget. Her blir det høveleg tid til eit godt gamaldags slabberas innan det er på tide å gå til kyrkjes.
I kyrkja ventar ei gudsteneste, etterfulgt av konsert med Taus. Bli med og og opplev at orgelmusikken sklir over i vossapop. Her blir det noko for kvar og ein.
Det blir ordna skyss tilbake over fjorden ved behov. Vel møtt til pinse i Åkra!
