Mandag 25. mai (2. pinsedag) inviterer me til pilegrimsdag på klosteret på Halsnøy.
(Foto: Helén Petersen)
Klokka 11.00 startar ei pilegrimsvandring frå Halsnøy skule på Eidsmarka og ein går til klosteret. Soknerådet har laga ei kulturløype på vegen til klosteret. Kl 12.30 vert det gudsteneste på klosteret med pilegrimsprest Einar Vegge, prost Arild Steinsland og prestevikar Astrid Wilborn.
Deretter vert det ei førestilling ved Johanne Tvedten. Førestillinga heiter «Ein pilegrim vender heim» og handlar om ei vandring langs kystpilegrimsleia i 1326.
Vidare vert det middag på klosteret for dei som ynskjer det. Kjekt er det også at dei fem gjestene frå vennskapsbyen San Lukas Toliman i Guatemala, som er i Kvinnherad for tida, blir med oss denne dagen.
For ytterlegare informasjon kontakt:
Arild Steinsland, prost i Sunnhordland
Tlf: 91 55 55 80