Drop-in bryllaup også i Kvinnherad


Drop-in bryllaup også i Kvinnherad


Har de gått med tankar om å gifte dykk, men har liksom aldri fått gjort det ? No har de sjansen! Kyrkja i Kvinnherad tilbyr "Drop-in-bryllaup" på Valentinsdagen 14. februar.

Då er det muleg å ta med seg forlovarar og eventuelt andre ein ynskjer å ha med seg, og møte i Kvinnherad kyrkje til drop-in-bryllaup. Der vil det vera prestar og organistar som kan gjere dette til ei flott og minnerik stund. Truleg stiller og kyrkja med ein solist som syng til dykk.

Vi er i dialog med lokale aktørar som kan tilby noko ekstra, ut over bryllaupet for dei som ynskjer det. Det vil bli lagt til rette for bryllaupsmeny i fine rammer som kan bestillast på førehand og det vert høve for å bli fotografert av profesjonell fotograf. Med andre ord ligg alt til rette for eit enkelt bryllaup og ein kan gjere så mykje ein vil ut av det.  

Kva må vera klart på førehand ?
Det er skatteetaten som som føretar prøving av ekteskapsvilkår. Dette vert gjort digitalt på skatteetaten.no. Dersom all informasjon er korrekt, kjem prøvingsattesten omgåande. Når ein kjem til kyrkja for drop-in-bryllaup, må ein ha med seg prøvingsattesten. Så går ein kjapt gjennom ritualet saman med ein prest før bryllaupet tek til. Det er muleg å koma utan å melda seg på førehand, men om de melder fra til oss på kyrkjekontoret på førehand, kan vi legge opp til minst mogeleg venting. 

Kva vil det koste?
Dersom de bur i Kvinnherad og er medlem av kyrkja vil det ikkje koste noko å gifte seg i kyrkja. Det ein vel etterpå betaler ein sjølvsagt for.

Tilbake