Leik og lystenning for dei minste i kyrkja!
Det blir samling i desse kyrkjene:
Eid kyrkje Tirsdag 26. mai kl. 17 for 2- og 3-åringar (født i 2023 og 2024)
Uskedal kyrkje Mandag 22. juni kl. 17 for 1-2-3 åringar (født i 2023, 2024 og 2025)
>>> Påmelding her <<<
Vi samlast i våpenhuset (gangen) og lyttar til kyrkjeklokkene
Preludium – piano og fløytemusikk. Dørene blir opna. Barna krabber, går eller spring inn som dei vil, når dei vil.
Fri leik. Musikk: piano eller orgel. Barna får leike fritt i rommet og utforske det på eiga hand.
Vaksne skal vera stille. Mobilfri sone. Svar om barna spør. Pass på at ikkje farlige situasjoner oppstår.
Leike at vi er på båttur, dei som vil blir med. Vi syng:
Min båt er så liten
Ro, ro, ro din båt
Etter ei stund blir presten invitert om bord. Vi ror lenger.
Vi leikar nattverd med bollar og vatn. Det er ikkje nattverd, men eit lite måltid der vi får bitar av bollar og drikk vatn av nattverdskalkane.
Turen går mot slutten. Vi ror mot land.
Fri leik.
Vi syng «Eg faldar mine hender små».
Lystenning. Barn går fram og får batterilys. Kvart barn ber lyset sitt til ei steinhelle eller ein spegel på golvet. Viktig at dei vaksne ikkje styrer for mykje, men er til støtte for barna.
Velsigning. Vi syng: «Må Gud velsigne deg»
Vi høyrer kyrkjeklokkene.
Postludium. Vi høyrer musikk mens vi går ut. Presten teiknar korsmerket med vatn i handa på dei som ønskjer. Gudstenesta er ferdig.
Kveldsmat.
«Alle barn kan ha en relasjon til Gud, som skapte dem og som bærer dem i sin kjærlighet. Og vi mener at barnets tro er fullverdig. Ingen kan gjøre seg til dommere over andres tro» (Odd Ketil Sæbø, 2021).
I kyrkja ønskjer vi at barnet skal få vera seg sjølv og gjera sine eigne erfaringar. Då er det viktig at vi vaksne ikkje grip inn og styrer for mykje. Vi skal lytta og vera stille. Det er sett av tid til å utforske kyrkjerommet på eiga hand. Sjå seg omkring, undra seg og høyra på musikken. Vi inviterer til leik. Barnet bestemmer sjølv om det vil bli med. Det er heilt greitt om nokon ikkje vil på båttur, eller kanskje berre vil sjå på.
Lystenning er heilt frivillig. Vi nyttar kubbelys med batteri. Døypefonten med vatn er det lo
v å plaska i. Blomar på det vesle alteret kan ein leike med. Det meste er lov, så lenge barna ikkje skader seg.
«Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det» (Jesus, Markus 13,15)
Barna er eit førebilete for oss vaksne. Vi gler oss til å sjå kva vi kan læra av dei i kyrkja denne ettermiddagen.

Bilder frå Ølve kyrkje