Leik og lystenning for dei minste i Ølve kyrkje!
Barnesangen blir denne gongen i Ølve kyrkje. Vi samlast som vanleg
Torsdag 12. februar kl. 16 30
Først har vi måltid ilag. Så blir det ei gudsteneste for dei aller minste:
- Vi samlast i våpenhuset (gangen) og lyttar til kyrkjeklokkene
- Preludium – fløytemusikk. Dørene blir opna. Barna krabber, går eller spring inn som dei vil, når dei vil.
- Fri leik. Rebekka spelar piano. Barna får leike fritt i rommet og utforske det på eiga hand.
Vaksne skal vera stille. Mobilfri sone. Svar om barna spør. Pass på at ikkje farlige situasjoner oppstår. Ver merksam på varme ovner under benkene!
- Leike at vi er på båttur, dei som vil blir med. Vi syng:
Min båt er så liten
Ro, ro, ro din båt
Etter ei stund blir Kjetil Prest invitert om bord. Vi ror lenger.
Vi leikar nattverd med bollar og vatn.
Turen går mot slutten. Vi ror mot land.
- Fri leik.
- Vi syng «Eg faldar mine hender små».
- Lystenning. Barn med vaksne går fram og får lys, går vidare og får tent lyset sitt. Kvart barn ber lyset sitt til ei steinhelle eller ein spegel på golvet. Barna kan tenne lys mange gongar, heilt til det er tomt. Viktig at dei vaksne ikkje styrer for mykje, men er til støtte for barna.
- Velsigning. Vi syng: «Må Gud velsigne deg»
Vi høyrer kyrkjeklokkene.
- Postludium. Vi høyrer musikk mens vi går ut. Gudstenesta er ferdig.
«Alle barn kan ha en relasjon til Gud, som skapte dem og som bærer dem i sin kjærlighet. Og vi mener at barnets tro er fullverdig. Ingen kan gjøre seg til dommere over andres tro» (Odd Ketil Sæbø, 2021).

Foto: Øyvind Nordahl Næss
I Ølve kyrkje ønskjer vi at barnet skal få vera seg sjølv og gjera sine eigne erfaringar. Då er det viktig at vi vaksne ikkje grip inn og styrer for mykje. Vi skal lytta og vera stille. Det er sett av tid til å utforske kyrkjerommet på eiga hand. Sjå seg omkring, undra seg og høyra på musikken. Vi inviterer til leik. Barnet bestemmer sjølv om det vil bli med. Det er heilt greitt om nokon ikkje vil på båttur, eller kanskje berre vil sjå på.
Lystenning kan vera både spennande og litt skummelt. Det er heilt frivillig. Her må vi vaksne hjelpe til slik at det kan gjerast på ein trygg måte. Døypefonten med vatn er det lov å plaska i. Blomar på det vesle alteret kan ein leike med. Det meste er lov, så lenge barna ikkje skader seg.
«Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det» (Jesus, Markus 13,15)
Barna er eit førebilete for oss vaksne. Vi gler oss til å sjå kva vi kan læra av dei i Ølve kyrkje denne ettermiddagen.