Get Together - Kvinnherad Gospel inviterer til konsert i Valen kyrkje søndag 28. sept kl 19.00.
Konserten vert «grand finale» på koret si satsing denne hausten; Gospelhelg med inspirasjon og rettleiing av Grethe Svensen.
Det var i mars 2024 at gospelkoret Get Together starta opp med øvingar i Valen kyrkje. August same året hadde koret sin første opptreden då dei song under jubileums-gudstenesta i Husnes kyrkje. Vidare gledde dei kyrkjelyden med song i Husnes kyrkje 1. juledag. I haust har koret inngått eit samarbeid med Grethe Svensen (tidl. Oslo Gospel Choir).
Grethe Svensen sin artistkarriere femnar vidt frå gospel, musikal til pop/rock, og ho er i desse dagar aktuell med ny musikk i samarbeid med Carola. Grethe Svensen deltek også på konserten med eigne solonummer.
Søndag kveld kan du ta med familie og venner og få ei inspirerande og oppløftanede musikalsk oppleving i Valen kyrkje! Dette er musikk som treff menneske i alle aldrar, der form og innhald fortel om godt nytt i ei uroleg verd.
Lokalt band med proffe musikarar er sett saman for anledninga: Bjarne Øymyr, Bjørn Moe, Christian Meaas Svendsen og Stig Klette.
Billettsal ved inngangen kr. 50,-.